Semestre
BLUNHR-D Natur, Helse og Rørsle
Ingen
Emnet består av fagområda natur, helse og rørsle.Kunnskapsområdet skal gi studentane grunnlag for å kunne ta med barn ut i naturen, drive førebyggjande helsearbeid i barnehagen, planleggje og lage sunne måltid, samt dekke barns behov for omsorg og fysisk aktivitet. Barn er kroppslege i sin veremåte, og det er mellom anna gjennom kropp og rørsle barn blir kjende med seg sjølve og verda rundt. Gjennom studiet skal studentane lære om plantar og dyr i nærområdet og om korleis ein kan leggje til rette for naturstudiar og leikprega aktivitetar med og i naturen til alle årstider. Ved å ha eit aktivt friluftsliv i barnehagen der naturkunnskap og rørsleerfaring står i fokus, vil ein leggje eit grunnlag for at barna skal kunne lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Emnet inneheld fylgjande tema:forskarfrø, miljø og berekraftig utvikling, born i naturen, turplanlegging, biologisk mangfald og økologi, årstider, vær og klima, verdsrommet, fysikkleikar, artskunnskapar, spor og sporteikn, natursti, friluftsliv kroppsleg vekst og motorisk utvikling, uteleikar i ulike rørslemiljø, «Barn og snø», aktivitetar i sal, dans, vasstilvenning, førstehjelp, førebyggjande helsearbeid, hygiene, sunt kosthold og matlaging både inne og ute.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- kroppsleg leik og korleis barn gjennom kropp og sansar lærer om verda og forstår seg sjølv
- korleis barn lærer i samspel med varierte læringsmiljø og korleis ein kan initiere og støtte opp om barn sine læringsprosessar
- naturen: økologi, økosystem, artskunnskap, vêrfenomen og endringar i naturen gjennom årstidene
- korleis leggje til rette for naturstudiar, friluftsliv og leikprega aktivitetar med og i naturen til ulike årstider
- fysiske fenomen-fysikkforsøk i barnehagen, lokale og globale miljøtema, biologisk mangfald, berekraftig utvikling og mennesket som del av heilskapen
- korleis menneskekroppen er bygd opp og korleis den fungerer
- grunnleggjande fyrstehjelp, fysisk aktivitet, helse, kosthald, ernæring og hygiene
- korleis ein kan stimulere den fysiske og motoriske utviklinga, slik at borna kan oppleve rørsleglede, meistring og styrkja sjølvbilete
- mangfaldet i barnehagen
Studenten kan:
- utforske naturen og eksperimentere med fenomen i den fysiske verda og med kvardagsteknologi saman med barn
- bruke lokale naturressursar i praktisk arbeid med barn
- reflektere over og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv i arbeidet med natur, helse og rørsle
- planleggje, leie/gjennomføre og vurdere behov for fysisk aktivitet, kvile, varierte måltid og god hygiene for barn i barnehagen
- legge til rette for mangfoldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring
- vurdere risiko i leikemiljø og leggje til rette for barns risikomeistring, både på barnehagens område og på turar utanfor barnehagens område
- kunne utføre førstehjelp og HLR - hjerte, lungeredning
Studenten har generell kompetanse i:
- å vere aktiv, medverkande og inspirerande rollemodell saman med barn i deira rørsleleik og naturopplevingar
- å gje barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringar på problemstillingar, og til å delta i samtalar om det dei har erfart og opplevd
- å bruke kunnskapar om menneskekroppen, kosthald, fysisk aktivitet og hygiene som førebyggjande og helsefremjande faktor i barnehagen
- å leggje til rette for at barn utviklar eit bevisst forhold til retten til å bestemme over eigen kropp og respekt for andre sine grenser
- å analysere og kritisk reflektere over korleis kjønn, likestilling, likeverd og kulturelt mangfald blir ivaretatt gjennom barnehagens rutinar
- å orientere seg i nærmiljøet og bruke moglegheitene til naturfagleg utforsking saman med barna, samt legge til rette for rørsle gjennom leik
- å ta vare på eiga helse i arbeidet i barnehagen
- å utarbeide gode rutinar for helse, miljø og tryggleik i barnehagen
- å analysere og kritisk reflektere over forsking i kunnskapsområdet/fagfeltet samt nødvendigheita av å kjenne til ny forsking
Undervisninga i kunnskapsområdet er i stor grad praktisk retta der studentane er aktive og undersøkjande. Vi nyttar varierte undervisnings- og arbeidsformer som tilhøyrer faga i emnet. Undervisninga vil variere mellom førelesningar, seminar, prosjektarbeid, gruppe- og individuelt arbeid, ekskursjonar, praktisk arbeid på kjøkken, aktivitetar i nærmiljø, på banar, i symjehall og i sal.
I samband med temaarbeidet «Barn og snø» skal vi til snøsikkert område.Studentane må ha skiutstyr. I tilfelle lite snø vil det bli gjennomført alternativt opplegg.
Didaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i deler av emnet sine arbeidskrav. NHR inneheld rettleia praksis i barnehage. Sjå nærare informasjon i emneplan for praksis.
Ein nyttar i hovudsak Canvas til innleveringar og kommunikasjon mellom studentar og faglærarar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte og aktiv deltaking i BLUNHR: Krav til frammøte er slik det går fram av høgskulen sitt frammøtereglement forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3. om frammøte/deltaking i undervisninga.
I kurset vasstilvenning vert det stilt krav om å vere aktivt deltakande i 2 av 3 økter. For å kunne avvike frå dette kravet må studenten leggje fram legeattest som syner at han/ho ikkje kan ta aktivt del i bassengaktivitetar, studenten vil då få merknad i vitnemålet. Det vert gitt tilbod om ei praktisk prøve i livberging i vatn.
Arbeidskrav:
- Godkjent individuell test av artskunnskap
- Godkjent arbeidskrav etter praksis med tema frå mat og helse
- Godkjent innlevering og seminarpresentasjon i grupper om ein naturfagleg aktivitet i barnehagen
- Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) i mindre grupper, der studentane skal planlegge, legge til rette og leie/gjennomføre aktivitetar i nærmiljøet eller sal for og med ei gruppe barn og/eller medstudentar
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 150,- til innkjøp av fellesmateriale, mat og utstyr. I tillegg må studentane rekne utgifter til transport, mat og personleg utstyr i samband med ekskursjonar.
- Barnehagelærar - bachelor (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Faktabaserte kortsvarsoppgåver frå alle fagområder | Alle hjelpemiddel tilatt | |
Heimeeksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Tverrfagleg didaktisk plan. | Alle hjelpemiddel tilatt | 1500-2000 ord |
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individuell | Stått eller ikkje stått | Gjennomføring og godkjenning av deltaking på vinterkurset "Barn og snø". Vurderingsgrunnlag: aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. | ||||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individuell | Stått eller ikkje stått | Gjennomføring og godkjenning av førstehjelpskurs med HLR - hjerte, lungeredning. Vurderingsgrunnlag: 100% aktiv deltaking på kurset. |