Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
BLUNHR Natur, Helse og Rørsle
Ingen
Emnet skal gi studentane kunnskap og ferdigheiter i å leggje til rette for utforskande aktivitetar med barn i naturen, korleis drive førebyggjande helsearbeid, korleis planleggje og lage sunne måltid, samt korleis ein kan dekke borna sitt behov for omsorg og fysisk aktivitet. Emne vil dekke sentrale tema som omhandlar livsmeistring, helse og berekraftig utvikling.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
kunne fortelje om dei nasjonale kostråda og retningslinjene for mat og måltid i barnehagen
ha kunnskap om kosthald og ernæring blant norske barnehagebarn, samt om matintoleranse, allergi, astma og inneklima
ha innsikt i naturvitskaplege fenomen, biologisk mangfald, økologi, miljøproblem og berekraftig utvikling
ha didaktisk kunnskap om korleis legge til rette for leik, læring og utforskning
kunne vurdere betydninga av kroppsleg leik og korleis barn gjennom kropp, sansar og varierte læringsmiljø lærer om verda og forstår seg sjølve
kunne forklare koordinative og fysiske eigenskapar og relatere utviklinga av desse til menneskekroppens oppbygning og funksjon og fysisk og motorisk utvikling
Studenten skal:
kunne reflektere over eigne verdiar og haldningar til mat og helse og vurdere myter og fakta om kosthald, og stimulere til ein sunn profil i barnehagen
kunne reflektere over korleis praktisk arbeid på kjøkkenet kan vere med på å påverke arbeidet med mat og måltid i barnehagen for å fremme måltidsglede, smaksutvikling, deltaking, samtalar, fellesskapskjensle og innsikt i matens veg frå jord til bord
kunne namnsette eit utval av vanlege planter, småkryp og dyr
kunne observere, planlegge, gjennomføra og vurdere aktivitetar i forhold til ulike miljø, årstider og samisk kultur
kunne gjennomføre enkle eksperiment og leik for å stimulere til undring og utforsking av naturen sitt mangfald, naturfenomen og kvardagsteknologi
kunne reflektere kring moglegheiter i nærmiljøet og nytte naturen som ein arena for leik, undring, utforsking og læring
kunne utføre førstehjelp og hjarte- og lungeredning (HLR)
Studenten skal:
kunne gjere vurderingar kring tiltak som ivaretek eiga og barns helse og sikkerheit i barnehagen, og vurdere moglegheitene i nærmiljøet for rørsle gjennom leik og naturfagleg utforsking saman med barn
kunne treffe slutningar om kva rolle mat og måltidsgjennomføring har i barnehagen
kunne gjennomføre ein praksis som fremjar livsmeistring, folkehelse og berekraftig utvikling
Undervisninga i kunnskapsområdet er i stor grad praktisk retta der studentane er aktive og undersøkjande. Vi nyttar varierte undervisnings - og arbeidsformer som tilhøyrer faga i emnet. Undervisninga vil variere mellom førelesningar, seminar, prosjektarbeid, gruppe- og individuelt arbeid, ekskursjonar, praktisk arbeid på kjøkken, aktivitetar i nærmiljø, på banar og i sal.
I samband med temaarbeidet «Barn og snø» skal vi til snø- sikkert område. Studentane må ha skiutstyr. I tilfelle lite snø vil det bli gjennomført alternativt opplegg.
I vårsemesteret 1.studieår (2.sem.) skal kunnskapsområdet NHR ha ei felles prosjektveke «Fleirkulturell veke» saman med kunnskapsområda SRLE og BULL. NHR arrangerer «Samisk dag».
Didaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i deler av emnet sine arbeidskrav. NHR inneheld rettleia praksis i barnehage. Sjå nærare informasjon i praksishefte del II.
Ein nyttar i hovudsak Canvas til innleveringar og kommunikasjon mellom studentar og faglærarar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte og aktiv deltaking i BLUNHR: Krav til frammøte er slik det går fram av høgskulen sitt frammøtereglement forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3. om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav:
- Godkjent individuell test av artskunnskap
- Godkjent individuelt skriftleg arbeidskrav etter praksis.
- Godkjent innlevering og seminarpresentasjon i grupper om ein naturfagleg aktivitet i barnehagen
- Godkjent seminarpresentasjon i grupper med tema frå mat, helse og rørsle (helsefremmende arbeid i barnehagen)
- Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) i mindre grupper, der studentane skal planlegge, legge til rette og leie/gjennomføre aktivitetar i nærmiljøet eller sal for og med ei gruppe barn og/eller medstudentar
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 150,- til innkjøp av fellesmateriale, mat og utstyr. I tillegg må studentane rekne utgifter til transport, mat og personleg utstyr i samband med ekskursjonar.
- Barnehagelærar - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Gruppe | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Ingen | |||
Heimeeksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Begge kursa, praktisk metodisk opplegg og heimeeksamen må vere bestått for å få samla karakter. | ||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individuell | Stått eller ikkje stått | Gjennomføring og godkjenning av deltaking på vinterkurset "Barn og snø". Vurderingsgrunnlag: aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. | ||||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individuell | Stått eller ikkje stått | Gjennomføring og godkjenning av førstehjelpskurs med HLR - hjerte, lungeredning. Vurderingsgrunnlag: 100% aktiv deltaking på kurset. |
Ved ny/utsett eksamen skal kandidaten framstille seg individuelt, men etter same opplegg som ved ordinær gruppeeksamen.