Semestre
BLUPRA1-D Praksis 1. årssteg, 25 dagar
Ingen
Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 1. studieår deltid er samordna med emneplanane for kunnskapsområda i studieåret. Desse er: Barns utvikling, leik og læring (BLUBULL-D) og Samfunn, religion, livssyn og etikk (BLUSRLE-D).
Praksis skal vere rettleidd, variert og vurdert.
Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda, skal utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Studenten skal utvikle seg frå å være student til å bli ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse.
Frå første studieår skal det vere tydleg for studenten at det å bli barnehagelærar inneber å ha pedagogisk leiaransvar. Å bli barnehagelærar er ein prosess som krev både fagleg kunnskap, analytisk refleksjon og praktisk erfaring. Studenten skal øve i å reflektere over både korleis teori og praksis spelar saman og kva etiske utfordringar barnehagekvardagen kan by på. Studenten skal oppmuntrast til å sjølv være pådrivar for utvikling av eigen profesjonskompetanse.
Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til heilskapen i læringa for barna i barnehagen, og studentane skal ta omsyn til det barnegruppa har arbeidd med før praksis når dei skal planlegge og gjennomføre sine aktivitetar.
I praksis 1. studieår deltid skal ein ha fokus på observasjonsarbeid, didaktikk og leiing av barnegrupper og ei personalgruppe.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- barnehagen sine styringsdokument og planverk
- observasjon og didaktiske modellar
- barns omsorgs-, leike- og læringsbehov og etablering og utvikling av gode relasjonar
- barns språkutvikling
- sammenhengar mellom individ, gruppe og samfunn
Studenten kan:
- vise evne til sjølvleiing i møte med praksisbarnehagen
- skape og ta aktivt del i gode og omsorgsfulle relasjonar med barn
- vise at han er ein god rollemodell for barna
- vise ei begynnande evne til å leie ei barnegruppe og ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar og leiardagar
- vise ei begynnande evne til å la personalet og barna medverke i arbeidet
- vise initiativ til å ta kontakt med føresette
- vise initiativ til å søke og ta imot rettleiing
Studenten:
- fanger og held på merksemda til ei gruppe med barn og legg til rette for leik og godt samspel i barnegruppa
- viser initiativ og engasjement, og tek aktiv del i barnehagen sine arbeidsoppgåver
- viser ei begynnande evne kritisk refleksjon over eige barnesyn og praksis, og over kva pedagogisk leiing har å seie i møte med barn og barnegrupper
- viser ei begynnande evne til å utvikle ein profesjonell identitet
Praksisopplæringa 1. studieår deltid omfattar 25 dagar. Før studenten kan ta til i praksis første studieår skal studenten levere politiattest og og signere digitalt teiepliktskjema til Høgskulen i Volda. Som ein del av førebuinga til praksis skal studenten delta på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.
I samråd med styrar i praksisbarnehagane og praksiskoordinator ved høgskulen får studentane tildelt ein praksisbarnehage første studieår. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden, og skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege tilbakemeldingar og vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at praksislærar har rettleiande samtalar med studenten i det daglege arbeidet.
Praksis skal ha vekt på observasjon, didaktiskarbeid der ein i første del av praksisperioden skal ha fokus på dei didaktiske kategoriane innhald, barns føresetnader, rammefaktorar og arbeidsmåtar. Mot slutten sv praksisperioden skal ein også setje fokus på overordna mål, mål og evaluering/vurdering, saman med dei første kategoriane. Første studieår er ein opptatt av at studenten skal skape relasjoner til barna i barnegruppa, saman med planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar for barn Studenten skal mot slutten av praksisperioden også leie personalgruppa.
Studenten skal gjennomføre leiardagar i praksis i tillegg til arbeidskrav som er forankra i kunnskapsområda. Studenten må aktiv ta initiativ til kontakt med dei føresette.
I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn og barnehagelæraryrket.
Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar til seg sjølv og praksislærar, medstudentar, praksisbarnehagen og praksisperioden blir klargjort.
Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.
Frammøtekrav:
Det er krav om 25 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.
Arbeidskrav:
- Studenten skal gjennomføre prakstisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUBULL-D
- Studenten skal gjennomføre prakstisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUSRLE-D
- Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten tilbakemeldingar og ei munnleg rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Midtvegs skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegsvurdering. Til slutt i praksis skal studenten motta ei skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Praksislærar skal gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom studenten viser manglar. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte vere stetta.
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Studenten skal som hovudregel motta skjema 1, varsel om fare for ikkje stått i praksis, før karakteren kan setjast til ikkje stått. Dersom ein student får karakteren ikkje stått i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten ikkje stått også i denne ekstra praksisperioden, kan studenten ikkje ta til på neste årssteg.
- Barnehagelærar - bachelor (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | Stått eller ikkje stått | Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. |