Semestre

BLUPRA3-20 Praksis 3. årssteg, 20 dagar

Emnekode: 
BLUPRA3-20
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
*
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUPRA1 Praksis 1. årssteg, 35 dagar.
BLUPRA2 Praksis 2. årssteg, 40 dagar.
Om emnet

Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 3. studieår er samordna med emneplanane for kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid ( BLULSU). 

Praksis skal vere rettleidd, variert og vurdert.

I praksis 3. studieår skal studentane saman med personalet leie arbeidet med eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid på avdelinga.

Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av utviklingsarbeid få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa,  saman med kunnskapsområde 3. studieår, skal utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Studenten skal ha utvikla seg frå å være student til ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse.

Dette er siste praksisperiode for studenten som skal vise ein tydleg profesjonell identitet. I denne praksisperioden er det leiing av utviklingsarbeid som står i fokus, og studenten skal vise at han kan leie delar av eit utviklingsarbeid samstundes med leiardagar. Studenten skal identifisere utviklingsområde, og saman med personalet gjere endringar som utvikliar kvaliteten for barna. Studenten skal vise at han er trygg i samarbeidet med dei føresette

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • pedagogisk leiing, endringsleiing og rettleiing av personale med ulik bakgrunn og ulike føresetnader
  • relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiings- og utviklingsarbeid
  • barnehagen som ein lærande organisasjon
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • leie pedagogisk arbeid og ta avgjersle som fører til utvikling av barnehagen
  • vere sjølvstendig, vise ein tydleg profesjonell identitet, og kunne refelektere rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga
  • vise relasjonell forståing og kommunikativ kompetanse og meistre samarbeid med barn, føresette og personale
  • reflektere over balansen mellom målstyrt pedagogisk leiing og dialog med personalet, og balansen mellom å ta omsyn til eigne behov og være andreorientert
  • reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing
  • finne, vurdere, vise til og formidle relevant fagkunnskap munnleg og skriftleg
Generell kompetanse

Studenten:

  • identifiserer område som krev utviklingsarbeid og vurderer kva leiarhandlingar som er naudsynte for å skape ei ønska utvikling
  • leier pedagogisk utviklingsarbeid og bidreg til nytenking for barnehagen
  • deltek i faglege diskusjonar innanfor utdanninga sine ulike fagområde og deler kunnskap og erfaringar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Praksisopplæringa 3. studieår omfattar 25 dagar, fordelt på to bolkar. Av dei 25 dagane er 20 dagar til kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid i vårsemesteret og 5 dagar knytt til fordjupinga i haustsemesteret. Denne emneplanen gjeld praksis 20 dagar knytt til vårsemesteret. Som ein del av førebuinga til praksis skal studenten delta på praksisførebuande møte.

I samråd med styrar i praksisbarnehagane og praksiskoordinator ved høgskulen får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile tredje studieår.  Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden, og skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student tilbakemeldingar og munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at praksislærar har rettleiande samtalar  med studenten i det daglege arbeidet.

I denne praksisperioden skal studentane saman med personalet leie arbeidet med eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid på avdelinga. Når ein leier eit utviklingsarbeid inngår det planlegging, gjennomføring og vurdering av læring og læringsprosessar i personalgruppa. Det føreset didaktisk planlegging, dvs. kunnskap om situasjonen no (kva kan dei), eit målbilde (kva ønskjer vi å kunne gjere) og tiltak (kva er god praksis, f.eks. utifrå nyare forsking).  

Studenten skal gjennomføre leiardagar i praksis, der ein legg til rette for at nokre av medarbeidarane på avdelinga kan fristillast til andre oppgåver slik at studentane går som ein del av tal grunnbemanning 

Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over barnehagelæraryrket og profesjonell identitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort. Studenten skal gjere oppsummering/konklusjon med framovermelding frå praksis året før kjent for praksislærar i den første forventingssamtalen, om dette ikkje vart gort i første praksisbolk (5 dagar).

Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 20 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis

Arbeidskrav:

  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeid i tilknyting til emne BLULSU.
  • Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Midtvegs i praksis skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegssvurdering. Til slutt i praksis skal student motta ei skriftleg sluttvurdering, med karakteren stått/ikkje stått. Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte vere stetta.

Praksislærar skal gjennom heile praksis gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom  studenten viser manglar. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte vere stetta.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Studenten skal som hovudregel motta skjema 1, varsel om fare for ikkje stått i praksis, før karakteren kan setjast til ikkje stått. Dersom ein student får karakteren ikkje stått i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten ikkje stått også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.

 

Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Hanne Elin Harnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnehagelærar - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
20 Dagar
Stått eller ikkje stått
Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
20 dagar
Godkjent av: 
Arne Myklebust