Semestre

BLUPRA3-A16 Praksis 3. årssteg, 40 dagar

Emnekode: 
BLUPRA3-A16
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
*
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Practice/Pre-School Teacher Education 3, 40 Days
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUPRA1-A16 Praksis 1. årssteg, 25 dagar
BLUPRA2-A16 Praksis 2. årssteg, 30 dagar
Om emnet

Praksis skal vere ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarutdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 3. studieår arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning er samordna med emneplanane for kunnskapsområda i 3. studieår: Språk, tekst og matematikk (BLUSTM-A) og Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid (BLULSU-A). Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområde og fordjupingane i 3. årssteg, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • barns språkutvikling, fleirspråklegheit og gryande digitale-, lese-, skrive og matematikkferdiheiter
  • leiing og rettleiing av personale med ulik bakgrunn og ulike føresetnader
  • relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiings- og utviklingsarbeid
  • barns rettar og om kva som kjenneteiknar eit inkluderande, likestilt, helsefremjande og lærande barnehagemiljø.
  • samanheng barnehage og skule
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • finne, vurdere og vise til fagkunnskap og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
  • leie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av eit prosjekt og leiardagar
  • leie pedagogisk arbeid og ta avgjersle som fører til utvikling av barnehagen.
  • vise sjølvstende i arbeidet
  • vise relasjonell forståing og kommunikativ kompetanse og meistre samarbeid med barn, føresette og personale i barnehagen sitt kvardagsliv
  • reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing.
  • finne, vurdere, vise til og formidle fagkunnskap munnleg og skriftleg
  • samle inn empirisk datagrunnlag
Generell kompetanse

Studenten kan: 

  • i didaktisk arbeid og faglege refleksjonar knytte teori til erfaringar frå praksis
  • sikre medverknad frå personalet i barnehagen
  • identifisere område som krev utviklingsarbeid og vurdere kva leiarhandlingar som er naudsynte for å skape ei ønska utvikling.
  • leie pedagogisk utviklingsarbeid og bidra til nytenking for barnehagen
  • delta i faglege diskusjonar innanfor utdanninga sine ulike fagområde og dele kunnskapar og erfaringar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Praksisopplæringa 3. studieår arbeidsplassbasert omfattar 35 dagar, fordelt på tre bolkar. Som ein del av førebuinga til praksis er det krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.

I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile tredje studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege tilbakemeldingar og vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at det går føre seg rettleiiande samtalar i det daglege arbeidet mellom praksislærar og student.

Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. Den første prakssibolka skal ha vekt på prosjektarbeid. I den andre praksisbolka skal studenten leie og gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid retta mot samarbeid med barn og personale. Tredje praksisbolk ha fokus på samanhengen mellom barnehage og skule. Studenten skal gjennomføre leiardagar i praksis.

I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonell identitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort. 

Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 35 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Arbeidskrav:

  • Studenten skal gjennomføre prakstisk arbeid i tilknyting til emne BLUSTM-A
  • Studenten skal gjennomføre prakstisk arbeid i tilknyting til emne BLULSU-A
  • Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten tilbakemeldingar og ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Midtvegs skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegsvurdering. Til slutt i praksis skal studenten motta ei skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte/deltaking vere stetta.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Elisabeth Welle
Hanne Elin Harnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnehagelærarutdaning - arbeidsplassbasert 2016
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
Stått eller ikkje stått
Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.