Semestre

BLUPRA4-A Praksis 4. årssteg, 5 dagar

Emnekode: 
BLUPRA4-A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUPRA3-A Praksis 3. årssteg, 25 dagar - Arbeidsplassbasert
Om emnet

Praksis skal vere ein integrert del av alle kunnskapsområda og fordjupingar i barnehagelærarutdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 4. studieår er samordna med emneplanane for fordjupingane lagt til 4. studieår: Mangfald og meistring og Barn, natur og friluftsliv. Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med fordjupingane i 4. årssteg, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • fagkunnskap knytt til fordjupingsemne
  • leiing av barn i grupper
Ferdigheiter

Studenten kan

  • planlegge, leie, gjennomføre og vurdere pedagogiske aktivitetar knytt til tema i fordjupinga
  • leie barn og personale i pedagogiske aktivitetar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan delta i faglege diskusjonar innanfor tema for fordjupinga

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Praksisopplæringa 4. studieår arbeidsplassbasert omfattar 5 dagar. 

I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for fjerde studieår. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege undervegsvurderingar og skriftleg sluttvurdering med framovermelding til slutt i praksis.

Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. 

I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i rettleiingstimane. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe.

Vi viser til Praksishefte for Barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om minimum 90% frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Arbeidskrav:

  • Studenten skal planlegge, gjennomføre og evaluere arbeidskrav knytt til valgt fordjuping.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Til slutt i praksis skal student motta ei skriftleg sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderinga skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Styrar skal trekkast inn i vurderinga. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren «Stått» i praksis. I tillegg kan ikkje samla fråvær for praksis overstige 10%.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i praksis: Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode før utgangen av studieåret etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ”Ikkje stått”, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.

Studentar som syner manglar i forhold til å meistre yrket, må så tidleg som mogleg få vite korleis dei står i forhold til krava til skikkavurdering. Jmf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høgreutdanning § 3: Lovdata - Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Elisabeth Welle
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
Stått eller ikkje stått
Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i Praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.