Semestre
BLUPRA4-D Praksis 4. årssteg, 5 dagar
Praksis skal vere ein integrert del av alle kunnskapsområda og fordjupingar i barnehagelærarutdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 4. studieår er samordna med emneplanane for fordjupingane lagt til 4. studieår. Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med fordjupingane i 4. årssteg, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- fagkunnskap knytt til fordjupingsemne
- planlegge, leie, gjennomføre og vurdere pedagogiske aktivitetar knytt til tema i fordjupinga
- kan delta i faglege diskusjonar innanfor tema for fordjupinga
Praksisopplæringa 4. studieår deltid omfattar 5 dagar.
I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile fjerde studieår. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student tilbakemeldingar og munnlege undervegsvurderingar og skriftleg sluttvurdering med framovermelding til slutt i praksis.
Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. I praksis skal studenten gjennomføre arbeidskrav knytt til den valgte fordjupinga.
I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i rettleiingstimane. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe.
Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.
Frammøtekrav:
Det er krav om 100% frammøte for å få stått praksis
Arbeidskrav:
- Studenten skal planlegge, gjennomføre og evaluere arbeidskrav knytt til valgt fordjuping
I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Til slutt i praksis skal student motta ei skriftleg sluttvurdering, med karakteren ståt/ikkje stått. Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderinga skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Styrar skal trekkast inn i vurderinga. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. For å få stått praksis må det gjennomførast 5 dagar praksisopplæring.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | 5 Dagar | Stått eller ikkje stått | Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i Praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. |