Semestre
BVA302 Barnevernsarbeid
Ingen
Emnet skal gi inngåande kunnskap i samhandling med barn, unge og familiar i barnevernsabeid. Familiearbeid og miljøterapi i barnevernsarbeid har ein sentral plass i emnet. Kritisk refleksjon som tilnærming til læring, der eigne praksiserfaringar vert brukte i individuelle og gruppebaserte refleksjonar, er også viktige tilnærmingar i dette emnet.
Emnet skal gi inngåande kunnskap om juridisk metode og sentrale rettskjelder på barnevernsfeltet. Barns rett til vern og vurderingar av barns beste er sentralt i emnet, der avgjerdsprosessar i barnevernsarbeid verte drøfta med utgangspunkt i kunnskapsgrunnlaget for fagleg kvalitet i utgreiings - og tiltaksarbeid. Sikring av barns medverknad i avgjerdsprosessar i barnevernet er viktig.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har avansert kunnskap om teoretiske og metodiske perspektiv i barnevernsarbeid
- har inngåande kunnskap om juridisk metode og sentrale rettskjelder på barnevernsfeltet, inkludert FNs barnekonvensjon og Den europeiske menneskerettskonvensjon
- har avansert kunnskap om barns rett til vern og omsorg, og om barnets rett til informasjon og medverknad i vurdering av barnets beste
- har avansert kunnskap om kravet til fagleg kvalitet og forsvarlegheit i utrednings- og tiltaksarbeid, og i avgjerdsprosessar i barnevern
- har inngåande kunnskap om familiearbeid og miljøterapi i barnevernsarbeid
- har inngåande innsikt i etiske, barnevernsfaglege og juridiske problemstillingar i barnevernsarbeid
- har inngåande kunnskap om hovudtrekka i barnevernets historie og utvikling, og den samfunnsmessige konteksten barnevernet har utvikla seg i
Kandidaten
- kan anvende og forholde seg kritisk til ulike teoretiske perspektiv i arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar
- kan bruke relevante metodar til å foreta forsvarleg juridisk og barnevernfagleg skjønnsutøving, og dokumentere vurderingar og avgjerder i eit fagfelt prega av uvisse og faglege og verdimessige motsetnader
- kan analysere og forholde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og bruke desse i utrednings- og tiltaksarbeid, og i avgjerdsprosessar
- kan analysere og forholde seg kritisk til omgrepet barnets beste og korleis omgrepet kan brukast i møte med barn, unge og familiar
- kan analysere og forholde seg kritisk til ulike perspektiv og tilnærmingar i barnevernsarbeid og bruke desse i samtalar, samarbeid og i relasjonar med barn og foreldre i utsette livssituasjonar
- kan analysere og forholde seg kritisk til barnevernets rolle, makt og myndeutøving i arbeid med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
- kan bruke kritisk refleksjon i utvikling av fagleg kompetanse i barnevernstenesta
Kandidaten
- kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar i barnevernsarbeid, både med barn, unge og familiar, samarbeidspartnarar og til allmugen
- kan analysere relevante yrkesetiske - problemstillingar i barnevernsarbeid, og kritisk reflektere over korleis eigne verdiar kan virke inn på arbeid med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar.
- kan bruke kunnskap og ferdigheiter for å planlegge miljøterapeutiske tilnærmingar i og utanfor institusjon
- kan formidle skriftleg ein sjølvstendig kritisk analyse av eigen praksis
Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar. I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer, der det vert veksla mellom førelesning og arbeid i lærarstyrte grupper. Det vert lagt opp til studentaktivitet både i og mellom samlingane, der studentane vert motivert til refleksjon både individuelt og i grupper. I gruppearbeida skal studentane reflektere over og drøfte kasus henta frå eigen praksis og analysere desse i lys av relevant teori. Samanhengen mellom teoretiske perspektiv og utøving av barnevernarbeid er sentralt.
Mellom samlingane skal studentane arbeide med oppgåveløysing og sjølvstudium, individuelt og i grupper.
Frammøtekrav:
- Det er krav om minimum 65 prosent frammøte til undervisninga i emnet.
Arbeidskrav:
- Skriftleg individuell oppgåve på om lag 1500 ord
Både frammøtekrav og arbeidskrav må innfriast for å framstille seg til eksamen.
- Barnevernsarbeid - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 5 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 3000 ord +/- 10 prosent |