Semestre

BVA302 Barnevernsarbeid

Emnekode: 
BVA302
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet skal gi inngåande kunnskap i samhandling med barn, unge og familiar i barnevernsabeid. Familiearbeid og miljøterapi i barnevernsarbeid har ein sentral plass i emnet. Kritisk refleksjon som tilnærming til læring, der eigne praksiserfaringar vert brukte i individuelle og gruppebaserte refleksjonar, er også viktige tilnærmingar i dette emnet.

Emnet skal gi inngåande kunnskap om juridisk metode og sentrale rettskjelder på barnevernsfeltet. Barns rett til vern og vurderingar av barns beste er sentralt i emnet, der avgjerdsprosessar i barnevernsarbeid verte drøfta med utgangspunkt i kunnskapsgrunnlaget for fagleg kvalitet i utgreiings - og tiltaksarbeid. Sikring av barns medverknad i avgjerdsprosessar i barnevernet er viktig.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har avansert kunnskap om teoretiske og metodiske perspektiv i barnevernsarbeid
  • har inngåande kunnskap om juridisk metode og sentrale rettskjelder på barnevernsfeltet, inkludert FNs barnekonvensjon og Den europeiske menneskerettskonvensjon
  • har avansert kunnskap om barns rett til vern og omsorg, og om barnets rett til informasjon og medverknad i vurdering av barnets beste
  • har avansert kunnskap om kravet til fagleg kvalitet og forsvarlegheit i utrednings- og tiltaksarbeid, og i avgjerdsprosessar i barnevern
  • har inngåande kunnskap om familiearbeid og miljøterapi i barnevernsarbeid
  • har inngåande innsikt i etiske, barnevernsfaglege og juridiske problemstillingar i barnevernsarbeid 
  • har inngåande kunnskap om hovudtrekka i barnevernets historie og utvikling, og den samfunnsmessige konteksten barnevernet har utvikla seg i
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan anvende og forholde seg kritisk til ulike teoretiske perspektiv i arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar
  • kan bruke relevante metodar til å foreta forsvarleg juridisk og barnevernfagleg skjønnsutøving, og dokumentere vurderingar og avgjerder i eit fagfelt prega av uvisse og faglege og verdimessige motsetnader
  • kan analysere og forholde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og bruke desse i utrednings- og tiltaksarbeid, og i avgjerdsprosessar
  • kan analysere og forholde seg kritisk til omgrepet barnets beste og korleis omgrepet kan brukast i møte med barn, unge og familiar
  • kan analysere og forholde seg kritisk til ulike perspektiv og tilnærmingar i barnevernsarbeid og bruke desse i samtalar, samarbeid og i relasjonar med barn og foreldre i utsette livssituasjonar
  • kan analysere og forholde seg kritisk til barnevernets rolle, makt og myndeutøving i arbeid med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
  • kan bruke kritisk refleksjon i utvikling av fagleg kompetanse i barnevernstenesta
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar i barnevernsarbeid, både med barn, unge og familiar, samarbeidspartnarar og til allmugen
  • kan analysere relevante yrkesetiske - problemstillingar i barnevernsarbeid, og kritisk reflektere over korleis eigne verdiar kan virke inn på arbeid med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar.
  • kan bruke kunnskap og ferdigheiter for å planlegge miljøterapeutiske tilnærmingar i og utanfor institusjon
  • kan formidle skriftleg ein sjølvstendig kritisk analyse av eigen praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar. I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer, der det vert veksla mellom førelesning og arbeid i lærarstyrte grupper. Det vert lagt opp til studentaktivitet både i og mellom samlingane, der studentane vert motivert til refleksjon både individuelt og i grupper. I gruppearbeida skal studentane reflektere over og drøfte kasus henta frå eigen praksis og analysere desse i lys av relevant teori. Samanhengen mellom teoretiske perspektiv og utøving av barnevernarbeid er sentralt.

Mellom samlingane skal studentane arbeide med oppgåveløysing og sjølvstudium, individuelt og i grupper.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Det er krav om minimum 65 prosent frammøte til undervisninga i emnet.

Arbeidskrav:

  • Skriftleg individuell oppgåve på om lag 1500 ord

Både frammøtekrav og arbeidskrav må innfriast for å framstille seg til eksamen.

 

Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Øyvind Økland
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnevernsarbeid - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
5 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
3000 ord +/- 10 prosent
Godkjent av: 
Randi Bergem 29.06.2023