Semestre
BVA303 Innovasjon, fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
Ingen
Kunnskap om innovasjon og fagutvikling i møte med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar er viktig kompetanse i barnevernet. Emnet plasserer seg i spennet mellom teori og praksis, og skal gi avansert kunnskap om innovasjon og fagutvikling i kunnskapsbasert barnevernsarbeid. Emnet legg vekt på korleis forskingsbasert kunnskap, brukarkunnskap og erfaringsbasert kunnskap supplerer kvarandre og er grunnlag for kvalitativt betre praksis. Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar er sentralt, og emnet vektlegg etiske aspekt ved slikt arbeid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har inngåande kunnskap om vilkåra og moglegheitene for fagutvikling og innovasjonsarbeid innan barnevern
- har inngåande kunnskap om innovasjon og innovasjonsprosessar i arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar
- har avansert kunnskap om barnevernets rolle og samfunnsmandat og korleis tverrfagleg og tverrprofesjonelt samarbeid kan gi god hjelp til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
Kandidaten
- kan bruke relevante metodar for å planlegge, leie og evaluere eit avgrensa fagutviklings- eller innovasjonsprosjekt i barnevern
- kan bruke forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i fagutviklings- og innovasjonsarbeid i barnevern
- kan gjennomføre fagutviklings- og innovasjonsprosessar som involverer barn, unge og familiar og reflektere over ulike faglege og etiske aspekt ved brukarinnvolvering i slike prosessar
- kan gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt i barnevernsarbeid, under rettleiing og i tråd med gjeldande foreskingsetiske normer
- kan reflektere over og vurdere korleis posisjon, makt, forforståing, og haldningar verkar inn på samarbeidsrelasjonar med barn, unge og familiar og i tverrfagleg samarbeid
Kandidaten
- kan nytte sine kunnskapar og ferdigheiter for å gjennomføre innovasjonsprosjekt i arbeid med barn, unge og familiar
- kan bidra til, og koordinere, tverrfagleg samarbeid i komplekse situasjonar saman med barn, unge og foreldre
Samlingsbasert undervisning, sjølvstudium og rettleia praksis og fagleg utviklingsprosjekt. Praksis og prosjektarbeid går føre seg parallelt. Problemstillinga for prosjektet skal utarbeidast i lag med profesjonsutøvarar, barn og/eller foreldre ved praksisplassen. Prosjektet kan gjennomførast individuelt eller i gruppe. Høgskulen har gjennom sine samarbeidsavtalar tilgjengelege praksisplassar, men studenten kan søke om å få gjennomføre praksis på eigen arbeidsplass.
Vi viser til Retningslinjer for praksisstudium for Master i barnevernsarbeid ved Høgskulen i Volda.
Frammøtekrav:
- Minimum 65 prosent frammøte til undervisingsaktivitetar i emnet
Arbeidskrav:
- Godkjent individuell praksisavtale
- Godkjent praksis
- Presentasjon av prosjektrapport frå praksis
- Barnevernsarbeid - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Rapport | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | 4000 ord +/- 10 prosent |