Semestre

BVP151A Barnevernpedagogens profesjon og yrkesfelt

Emnekode: 
BVP151A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Barnevernspedagogen er ein profesjon med eit særskilt samfunnsmandat, og skal ha ei særleg kompetanse for arbeid med barn, unge og familiane deira. I dette emnet vil ein derfor fokusere på barnevernet og barnevernspedagogen sin historie og oppgåver, og studenten si eiga utvikling som profesjonsutøvar. Studenten vil også få kunnskap om sentrale perspektiv i barnevernsfagleg arbeid. Undervisinga vil fokusere mellom anna på barnevernet sitt verdigrunnlag, relasjonskompetanse, kjennskap til brukarorganisasjonar, FNs barnekonvensjon og barn sin rett til medverknad og deltaking. I tillegg vil ein arbeide med å leggje grunnlaget for god studieteknikk og skriveteknikkar som studenten vil ha bruk for gjennom studiet og arbeidslivet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • Har brei kunnskap om barnevernet sitt samfunnsmandat
  • Har brei kunnskap om eigen profesjon og barnevernsfeltet si historie
  • Har brei kunnskap om korleis personlege og profesjonsetiske verdiar kan komme til uttrykk i barnevernsfaglege problemstillingar
  • Har kunnskap om sentrale omgrep og perspektiv i barnevernsfagleg og sosialpedagogisk arbeid
  • Har kunnskap om betydninga av barns medverknad og barn sine rettar
  • Har kjennskap til kunnskap frå brukarorganisasjonar for barn, unge og foreldre
  • Har kjennskap til FNs barnekonvensjon
Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan byggje relasjonar, samarbeide og kommunisere hensiktsmessig i eit fagleg studentfellesskap
  • Kan reflektere over si eiga læring og justere arbeidet sitt under rettleiing
  • Kan reflektere over maktforhold, profesjonalitet og eiga rolle som barnevernspedagog
  • Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette munnleg og skriftleg slik at det belyser ei barnevernsfagleg problemstilling
  • Kan beherske digitale verktøy og skriveressursar i akademisk skriving
Generell kompetanse

Studenten:

  • Har innsikt i eiga forforståing, haldningar og verdiar og betydninga av relasjonskompetanse i barnevernsfagleg arbeid
  • Har innsikt i etiske problemstillingar innan fagområdet og eiga tenesteutøving
  • Kan formidle og drøfte sentrale omgrep og perspektiv i barnevernsfagleg arbeid, både munnleg og skriftleg
  • Kan utveksle synspunkt og erfaringar med medstudentar og rettleiarar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I emnet vil arbeidsformene veksle mellom forelesingar, seminar, sjølvstudiar og stor grad av arbeid i mindre grupper.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Obligatorisk frammøte
Alle læringsaktivitetar i emnet er obligatoriske. Ein må ha minimum 80 % frammøte til organiserte læringsaktivitetar. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Arbeidskrav
Det er arbeidskrav i emnet. Desse er knytt til eksamensoppgåva, og refleksjon over yrkesutøving. Arbeidskrava vert gjennomført både i gruppe og individuelt, skriftleg og munnleg.

Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7.

Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Malene Øvrelid
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
Stått eller ikkje stått
100
Kandidaten vel sjølv om eksamenssvaret vert skrive på norsk eller engelsk. Oppgåva går over seks veker.
Alle.
2500 ord +/- 10 %.
Godkjent av: 
Randi Bergem 23.02.2023