Semestre
BVP151A Barnevernpedagogens profesjon og yrkesfelt
Ingen.
Barnevernspedagogen er ein profesjon med eit særskilt samfunnsmandat, og skal ha ei særleg kompetanse for arbeid med barn, unge og familiane deira. I dette emnet vil ein derfor fokusere på barnevernet og barnevernspedagogen sin historie og oppgåver, og studenten si eiga utvikling som profesjonsutøvar. Studenten vil også få kunnskap om sentrale perspektiv i barnevernsfagleg arbeid. Undervisinga vil fokusere mellom anna på barnevernet sitt verdigrunnlag, relasjonskompetanse, kjennskap til brukarorganisasjonar, FNs barnekonvensjon og barn sin rett til medverknad og deltaking. I tillegg vil ein arbeide med å leggje grunnlaget for god studieteknikk og skriveteknikkar som studenten vil ha bruk for gjennom studiet og arbeidslivet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- Har brei kunnskap om barnevernet sitt samfunnsmandat
- Har brei kunnskap om eigen profesjon og barnevernsfeltet si historie
- Har brei kunnskap om korleis personlege og profesjonsetiske verdiar kan komme til uttrykk i barnevernsfaglege problemstillingar
- Har kunnskap om sentrale omgrep og perspektiv i barnevernsfagleg og sosialpedagogisk arbeid
- Har kunnskap om betydninga av barns medverknad og barn sine rettar
- Har kjennskap til kunnskap frå brukarorganisasjonar for barn, unge og foreldre
- Har kjennskap til FNs barnekonvensjon
Studenten:
- Kan byggje relasjonar, samarbeide og kommunisere hensiktsmessig i eit fagleg studentfellesskap
- Kan reflektere over si eiga læring og justere arbeidet sitt under rettleiing
- Kan reflektere over maktforhold, profesjonalitet og eiga rolle som barnevernspedagog
- Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette munnleg og skriftleg slik at det belyser ei barnevernsfagleg problemstilling
- Kan beherske digitale verktøy og skriveressursar i akademisk skriving
Studenten:
- Har innsikt i eiga forforståing, haldningar og verdiar og betydninga av relasjonskompetanse i barnevernsfagleg arbeid
- Har innsikt i etiske problemstillingar innan fagområdet og eiga tenesteutøving
- Kan formidle og drøfte sentrale omgrep og perspektiv i barnevernsfagleg arbeid, både munnleg og skriftleg
- Kan utveksle synspunkt og erfaringar med medstudentar og rettleiarar
I emnet vil arbeidsformene veksle mellom forelesingar, seminar, sjølvstudiar og stor grad av arbeid i mindre grupper.
Arbeidskrav:
- Deltaking i grupperettleiing
- Innlevering av førsteutkast av eksamensoppgåva
- Møte med rettleiar for individuell rettleiing
- Individuelt refleksjonsnotat knytt til eiga profesjonell utvikling
- Skriftleg arbeid ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70 prosent frammøte til undervisningsaktivitetar.
Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-7 om arbeidskrav.
- Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | Stått eller ikkje stått | 100 | Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen skrivast på norsk eller engelsk. Oppgåva går over seks veker. | Alle. | 2500 ord +/- 10 %. |