Semestre
BVP157 Fordjuping i barnevernfagleg yrkespraksis
I emnet skal studentane vidareutvikle sin kompetanse innan sentrale område for barnevernspedagogar:
Samarbeids- og relasjonskompetanse er sentralt for barnevernspedagogar, og det er difor lagt vekt på at praksis skal gi erfaring med å etablere kontakt, byggje relasjonar og kommunisere med og rettleie barn, unge og føresette. Mange menneske i barnevernspedagogen sine målgrupper lever utsette liv, og blant desse er barna dei mest sårbare. For å ivareta rettstryggleiken, må barnevernspedagogen ha evne til å ta barn sine perspektiv, og sjå på og behandle barn som skapande subjekt, som skal ha innverknad på eigne liv.
I yrkesutøvinga vil barnevernspedagogen stå overfor komplekse situasjonar der det kan vere utfordrande å ta avgjersler. Ein legg derfor vekt på at studenten skal ta i bruk analytiske ferdigheiter, kritisk og etisk refleksjon for å styrke vurderings- og avgjerdskompetansen i ein systematisk og kunnskapsbasert praksis. Studenten skal dermed få erfaring med å undersøke, analysere, vurdere, avgjere, planleggje og evaluere i samarbeid med barn, unge og familiar. Ein naturleg del av dette er at studenten skal kunne bruke dei digitale verktøya ved praksisplassen.
Barnevernspedagogen må kunne samarbeide med andre hjelpeinstansar til barnets beste. Gjennom praksis skal studentane derfor arbeide tverrprofesjonelt og utveksle faglege synspunkt og erfaringar med andre profesjonar og hjelpeinstansar til det beste for barn, unge og familiane deira.
Internasjonal utveksling kan bidra til utvikling av kunnskap om andre kulturar, mangfald, fattigdom og bakgrunn for migrasjon. Det blir difor lagt til rette for utlandspraksis, som kan gi studentane erfaring med å stå i minoritetsposisjonar, og vere grunnlag for utvikling av global forståing og kultursensitivitet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- Har brei kunnskap om kommunikasjon, relasjon, samhandling og rettleiing i barnevernsfagleg arbeid
- Har brei kunnskap om kritisk refleksjon som tilnærming i barnevernsfagleg arbeid
- Har kunnskap om politikk, system, organisasjon, lover og regelverk
- Har kunnskap om korleis profesjonsetikk, etiske verdiar, dilemma og problemstillingar kan komme til uttrykk i barnevernsfeltet
- Har digital kompetanse, deriblant kunnskap om digital tryggleik
- Har kjennskap til relevante fagdebattar, forskings- og utviklingsarbeid med relevans for praksisplassen
Studenten:
- Kan bruke erfaringar og fagleg kunnskap til å forstå og formidle barn, unge, føresette og familiar sine perspektiv
- Kan bruke erfaringar og fagleg kunnskap til å reflektere kritisk over eigen praksis og tenesta sin praksis
- Kan bruke oppdatert kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover og regelverk
- Kan tileigne seg ny kunnskap og gjere faglege og etiske vurderingar
- Kan dokumentere og formidle fagleg kunnskap
Studenten:
- Har innsikt i eiga forforståing, haldningar, verdiar og betydninga av relasjonskompetanse i barnevernsfagleg arbeid
- Kan avdekke eigne kunnskapshol, finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff, og framstille dette både munnleg og skriftleg
- Kan bruke relevant kunnskap til å undersøke, analysere, vurdere, avgjere, planleggje, gjennomføre og evaluere barnevernfagleg arbeid sjølvstendig og i lag med andre, og i tråd med etiske krav og retningsliner
Emnet går føre seg parallelt med emnet BVP159 Praksisstudium, 64 dagar. Undervisning i emnet går føre seg før og etter praksisstudiane, og består av tradisjonelle førelesingar, gruppearbeid og samtaleøvingar. Undervisinga er hovudsakeleg organisert felles for barnevernspedagog- og sosionomstudia, men det profesjonsspesifikke vert ivaretatt gjennom gruppearbeid og ulike faglege tilnærmingar til den same tematikken. Under praksisstudiet vert det forventa at studenten gjer sjølvstudium i emnet.
Arbeidskrav
- Innlevering av førebuingsnotat før praksis
- Individuell skriftleg oppgåve på 2500 ord +/- 10 %
Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-7 om arbeidskrav.
Obligatorisk deltaking
Det er krav om 80 prosent deltaking til kvart av seminara (førebuingsseminar og refleksjonsseminar).
Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
- Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Praksisoppgåve. Studenten vel sjølv om oppgåva vert skrive på norsk eller engelsk. | 4000 ord +/- 10% |