Semestre

BVP158 Praksisstudium, 16 dagar

Emnekode: 
BVP158
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
*
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

I dette første praksisstudiet skal studenten gjennomføre praksis på arenaer der barn og unge ferdast, og bli betre kjend med deira og fagfolk sin kvardag og utfordringar. Det faglege fokuset er retta mot forforståing, relasjons- og profesjonell kompetanse og etikk. Studenten sin sjølvrefleksjon rundt eigne reaksjonar, følelsar og tankar før, under og etter praksis, er sentral. Det er forventa at studenten tar i bruk kunnskap frå tidlegare og parallelle emne.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • Har kunnskap om kommunikasjon, relasjon og samhandling, etiske verdiar og problemstillingar i relasjonsarbeid
  • Har kunnskap om praktisk yrkesteori
Ferdigheiter

Studenten: 

  • Kan anvende fagleg kunnskap og personleg kompetanse til å kommunisere og samarbeide føremålstenleg med barn, unge og føresette om deira behov og ønske
  • Kan reflektere over, analysere og beskrive eigne erfaringar, følelsar og tankar i samband med praksis
  • Kan justere praksis under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten: 

  • Kan reflektere over etiske utfordringar i profesjonsutøving, og handle på ein fagleg og etisk forsvarleg måte i møte med barn, unge og familiar
  • Har innsikt i eiga forforståing, haldningar og verdiar og betydninga av relasjonskompetanse i barnevernsfagleg arbeid
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studenten har praksis ved ein godkjend praksisstad. Studenten følgjer arbeidstida ved praksisstaden, og tar del i det daglege arbeidet.

Studenten skriv samtidig logg med observasjonar, refleksjonar og analysar av erfaringar i praksisstudiet, og har ansvar for sjølvstudium.

Studenten skal ha ein kontaktperson ved praksisplassen som har eit oppfølgingsansvar for studenten. Studenten får også tildelt ein rettleiar ved høgskulen, som vil vere til stades i seminar og følgje opp studenten ved behov.

Det vert også nytta klasseroms- og seminarundervisning i emnet. Seminar midtvegs i praksis vert gjennomført digitalt.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Vi viser til Retningsliner for praksisstudium ved Bachelor i sosialt arbeid – sosionom og Bachelor i sosialt arbeid – barnevernspedagog.

Obligatorisk deltaking

  1. 16 dagar praksis på godkjent praksisstad, der studenten kan ha maksimalt to dagar fråvær. Fråvær utover dette må takast igjen.
  2. Det er krav om 80 prosent obligatorisk deltaking på all anna undervisingsaktivitet (forarbeid, midtvegsseminar, etterarbeid).

Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda om obligatorisk frammøte/deltaking.

Arbeidskrav

  1. Innlevering av praksisavtale
  2. Innlevering av innstilling til stått/ikkje stått praksis frå praksisstaden
  3. Innlevering av refleksjonsnotat etter praksis

Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda om arbeidskrav

Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Ann-Iren Høgalmen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
16 Dagar
Stått eller ikkje stått
Jf. Retningsliner for praksisstudium (…) vert samla vurdering av praksis gjort av kontaktlærar og praksisrettleiar.
Godkjent av: 
Randi Bergem 23.02.2023