Semestre

BVP159 Praksisstudium, 64 dagar

Emnekode: 
BVP159
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
*
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Forkunnskapskrav, emneliste
SAFE154 Vitskapsteori, metode og prosjektarbeid
BVP155 Psykologiske emne
BVP156 Teori og arbeidsmåtar i barnevernsfagleg arbeid
Om emnet

I dette andre praksisstudiet er det faglege fokuset retta mot å styrke studenten sin vurderings- og avgjerdskompetanse gjennom kritisk og etisk refleksjon. Studenten skal dermed få erfaring med å undersøke, analysere, vurdere, avgjere, planleggje, gjennomføre og evaluere i arbeid med barn, unge og familiar. Studenten skal også få erfaring med å gjere dette i samarbeid med barn, unge og familiar, og i tverrprofesjonelle og tverretatlege samarbeid. Ein naturleg del av dette er at studenten skal kunne ta i bruk dei digitale verktøya ved praksisplassen. Det er forventa at studenten tar i bruk kunnskap frå tidlegare og parallelle emne.

Internasjonal utveksling kan bidra til utvikling av kunnskap om andre kulturar, mangfald, fattigdom og bakgrunn for migrasjon. Det blir difor lagt til rette for utlandspraksis, som kan gi studentane erfaring med å stå i minoritetsposisjonar, og gi grunnlag for utvikling av global forståing og kultursensitivitet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten: 

  • Har kunnskap om korleis kommunikasjon, relasjon, samhandling og rettleiing av barn, unge, føresette og familiar går føre seg på praksisstaden
  • Har brei kunnskap om kritisk refleksjon som tilnærming i barnevernfagleg arbeid
  • Har kunnskap om dei tverrfaglege, tverretatlege og tverrprofesjonelle samarbeida til praksisstaden
  • Har kjennskap til metodar for arbeid med barn, unge og familiar på praksisstaden
  • Kan oppdatere sin kunnskap om barn og unges digitale kvardagsliv
Ferdigheiter

Studenten: 

  • Kan anvende erfaringar og fagleg kunnskap til å etablere kontakt, byggje relasjonar og kommunisere og rettleie barn, unge og føresette
  • Kan anvende erfaringar og fagleg kunnskap til å reflektere etisk og kritisk over eigen og tenesta sin praksis
  • Kan foreta faglege vurderingar, avgjersler og handlingar i tråd med kunnskapsbasert praksis
  • Kan anvende eit breitt og fleirfagleg kunnskapsgrunnlag for å arbeide systematisk og målretta med barn, unge og familiar
  • Har erfaring med å forstå, undersøke, analysere og fatte avgjersler i barnevernfagleg arbeid
  • Kan samhandle fleirfagleg og tverrprofesjonelt
  • Kan bruke digitale verktøy og relevant digital teknologi på individ- og systemnivå
  • Kan justere praksis under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten: 

  • Har innsikt i eiga forforståing, haldningar, verdiar og betydninga av relasjonskompetanse i barnevernsfagleg arbeid
  • Kan bruke kunnskap, ferdigheiter og erfaringar til å møte barn, unge og familiar i ein utsett livssituasjon med forståing, empati og anerkjenning
  • Kan bruke relevant kunnskap til å undersøke, analysere, vurdere, avgjere, planleggje, gjennomføre og evaluere barnevernsfagleg arbeid sjølvstendig og i lag med andre, og i tråd med etiske krav og retningsliner 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet går føre seg parallelt med emne BVP157 Fordjuping i barnevernsfagleg yrkespraksis.

Studenten har i emnet praksis ved ein godkjend praksisstad. Studenten følgjer arbeidstida ved praksisstaden, og tar del i det daglege arbeidet.

Studenten skriv samtidig logg med observasjonar og analysar av erfaringar i praksisstudiet, og har ansvar for sjølvstudium.

Studenten skal ha ein praksisrettleiar ved praksisstaden som har eit rettleiings- og oppfølgingsansvar for studenten, og student og rettleiar møtest minimum ein time i veka for individuell rettleiing. Studenten får også tildelt ein kontaktlærar ved høgskulen, som vil følgje opp faglege oppgåver knytt til studiet og ha kontakt med student og praksisrettleiar i praksisperioden.

Det vert også nytta klasseroms- og seminarundervisning i emnet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Vi viser til Retningsliner for praksisstudium ved Bachelor i sosialt arbeid - sosionom og Bachelor i sosialt arbeid - barnevernspedagog ved Høgskulen i Volda

Obligatorisk frammøte
Alle læringsaktivitetar i emnet er obligatoriske. 

Studenten skal gjennomføre 64 dagar praksis ved godkjent praksisstad, og kan ha maksimalt åtte dagar fråvær. Fråvær utover dette må takast igjen.

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Arbeidskrav
Det er arbeidskrav i emnet. Desse er knytt til praksisgjennomføring. Arbeidskrava vert gjennomført individuelt og skriftleg, men føreset samarbeid med andre. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7.

Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Hilde Langlo
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
64 Dagar
Stått eller ikkje stått
Jf. Retningsliner for praksisstudium (…) vert samla vurdering av praksis gjort av kontaktlærar og praksisrettleiar.
Godkjent av: 
Randi Bergem 23.02.2023