Semestre

BVP251 Kunnskap om og arbeid med samansette livsproblem

Emnekode: 
BVP251
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
SAFE154 Vitskapsteori, metode og prosjektarbeid
BVP155 Psykologiske emne
BVP156 Teori og arbeidsmåtar i barnevernsfagleg arbeid
Om emnet

Barnevernsfagleg arbeid er eit samansett kunnskapsfelt, og består som regel av arbeid med samansette problem i samansette system. Det stiller krav til profesjonsutøvaren, barnevernspedagogen, sin analytiske kompetanse – evne til å sjå, forstå og handtere det samansette – på både saksnivå, kunnskapsnivå og systemnivå. I mange tilfelle trengst det fleire tiltak på fleire livsområde og til ulike tidspunkt. I ein del familiar og hos mange barn og unge kjem det samansette til uttrykk i mellom anna rus- og psykiske helseproblem.

I den første delen av emnet vil studentane få meir kunnskap om psykiske helseproblem, forklaringsmodellar og ulike forståingar av korleis psykiske vanskar kan utvikle seg. Samtidige rus- og psykiske lidingar, og samanhengen mellom desse, vil også bli tematisert. Vidare vil studentane lære om handtering av slike problem i psykisk helsearbeid, der ein legg vekt på samanhengane mellom val av forståingsmåte og fagleg tilnærming/intervensjon. Det vert lagt vekt på kunnskapsbasert praksis og studentane si innsikt i dei forståingane og prinsippa som ulike kunnskapsbaserte tiltak byggjer på. Vidare skal emnet gje studentane eit grunnlag for å kunne setje seg inn i og vurdere tiltak og kunnskapsbidrag på feltet i framtida.  

Tema psykisk helse og rus vil også bli problematisert innanfor ein familiekontekst, med spesielt fokus på korleis foreldre sine vanskar kan påverke barn sin oppvekst og utvikling.

I den andre delen av emnet vil ein fokusere på korleis det samansette kjem til uttrykk i barnevernet, som i seg sjølv er eit samansett system. Dette kan vere ein arena med mange dilemma og konfliktar – mellom menneske, fag, interesser, profesjonsutøvarar og system. I barnevernet er det få evidensbaserte metodar som vert brukte, og arbeid både gjennom og utan desse føreset bruk av skjønn. Difor må barnevernspedagogar kunne reflektere kritisk over eigen og tenesta sin praksis, finne handlingsrom i dei eksisterande rammene, og kjenne igjen situasjonar der profesjonsutøvar og/eller tenesta kjem til kort.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • Har brei kunnskap om kommunikasjon, konflikthandtering og samarbeid
  • Har brei kunnskap om psykisk helse- og rusproblem, og ulike forklarings- og forståingsmodellar
  • Har brei kunnskap om psykisk helsearbeid, rusbehandling, barnevernsfagleg arbeid, og verdien av tverrfagleg samarbeid
  • Har kunnskap om rettsreglar for behandling og tvang, kan vurdere risiko for uønskte hendingar, og kjenne til metode for å følge opp dette systematisk
  • Har kunnskap om korleis profesjonsetikk og profesjonsutøvaren sine verdiar kjem til uttrykk i møte med relasjonelle og systemiske dilemma i det samansette barnevernsfeltet
  • Kjenner til nyare forsking om menneske i samansette livssituasjonar som er relevant for yrkesutøvinga
  • Kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar, og kan oppdatere sin kunnskap om relevante fagdebattar, forskings- og utviklingsarbeid
  • Kan oppdatere sin kunnskap om sosial ulikskap og betydninga det har for enkeltpersonar og grupper, for å kunne bidra til god folkehelse og arbeidsinkludering
Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan bruke forskingskunnskap, erfaringskunnskap og kunnskap frå barn, unge og foreldre som grunnlag for kunnskapsbasert praksis, og vise vidare ved behov
  • Kan kartlegge samansette livsproblem i møte med menneske, og bruke relevante perspektiv for å hjelpe og fremje sjølvstende og meistring
  • Kan nytte fagleg kunnskap og skjønn til å rettleie barn, unge, deira foreldre og føresette i lærings-, meistrings- og endringsprosessar
  • Kan reflektere kritisk over eiga og andre si yrkesutøving med sikte på å få fram alternative perspektiv og handlingsstrategiar
  • Kan reflektere etisk og fagleg over aktuelle problemstillingar, utøve fagleg skjønn og kritisk vurdere forskingsgrunnlaget for og nytten av evidensbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid
  • Kan finne, vurdere og vise til fagleg kunnskap som kan nyttast til fagutvikling, kvalitetsutvikling og tenesteinnovasjon
  • Kan dokumentere og formidle faglege analyser og vurderingar, munnleg og skriftleg
Generell kompetanse

Studenten:

  • Kan planlegge og gjennomføre kunnskapsbasert praksis sjølvstendig og saman med andre på ein etisk og fagleg forsvarleg måte i møte med samansette livsproblem og systemutfordringar
  • Har innsikt i teoretiske og praktiske perspektiv for å forstå og handtere yrkesrelevante problem og utfordringar
  • Har innsikt i barnevernspedagogen si rolle i hjelpeapparatet og dei rettsreglane som regulerer arbeid med menneske med samansette livsproblem
  • Kan formidle og utveksle synspunkt om kunnskap og grunngi arbeidsmåtar relevant for arbeid med barn, unge og familiar med samansette livsproblem
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervising, seminar, gruppearbeid og øvingar, eigenstudiar og førebuing til seminar. Delar av undervisinga er organisert felles for barnevernspedagog- og sosionomstudiet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Obligatorisk frammøte
Alle læringsaktivitetar i emnet er obligatoriske. Ein må ha minimum 80 % frammøte til organiserte læringsaktivitetar. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Arbeidskrav
Det er arbeidskrav i emnet. Desse er knytt til temaa samansette livsproblem, samansette system og barnevernspedagogen si profesjonsrolle. Arbeidskrava vert gjennomført munnleg og i gruppe. Arbeidskrava skal gjennomførast på norsk. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7

Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Kine Høgberg
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
5 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Kandidaten vel sjølv om eksamenssvaret vert skrive på norsk eller engelsk.
3000 ord +/- 10 %.
Godkjent av: 
Randi Bergem 23.02.2023