Semestre

BVP252 Bacheloroppgåve i sosialt arbeid - barnevernspedagog

Emnekode: 
BVP252
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
SAFE154 Vitskapsteori, metode og prosjektarbeid
BVP155 Psykologiske emne
BVP156 Teori og arbeidsmåtar i barnevernsfagleg arbeid
Om emnet

I emnet skal studentane tileigne seg og utvikle kunnskap om eit sjølvvalt tema. Kunnskapen skal framstillast gjennom ei skriftleg oppgåve innan ein akademisk sjanger. Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe. Temaet må vere relevant for barnevernspedagogen si profesjonsutøving og drøftast i lys av relevant teori, forsking og eventuell empiri.

Oppgåva kan vere empirisk eller teoretisk. Eventuell datainnsamling kan berre skje etter at studenten har fått tildelt rettleiar. Dette kan skje før emnet tek til. Resultatet av arbeidet er ein akademisk tekst der empiriske oppgåver har den vitskaplege artikkelen som mal, medan oppgåver utan empiri har fagartikkelen som mal. 

Innhald

Gjennom sjølvstudium, samarbeid med andre studentar, rettleiing og undervisning skal studentane tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som gjer dei i stand til å drøfte problemstillinga:

  1. i eit teoretisk og praktisk perspektiv.
  2. på ein kunnskapsbasert basis.
  3. på ein måte som viser analytisk og etisk kompetanse.
  4. innanfor rammene til akademisk skriving og såleis vise at studenten meistrar formelle og metodiske krav til eit fagleg arbeid av dette omfanget.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • Har brei kunnskap om forsking- og utviklingsarbeid med relevans for barnevernsfagleg arbeid.
  • Har kjennskap til relevante forskingsdatabasar med relevans for barnevernsfagleg arbeid.
  • Kjenner til metodiske krav og forskingsetiske retningslinjer i vitskapleg arbeid.
Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan utvikle og drøfte ei praksisrelevant problemstilling.
  • Kan finne, kritisk vurdere og vise til kjelder slik at desse kastar lys over ei profesjonsrelevant problemstilling.
  • Kan reflektere over forskingsetiske problemstillingar i eige prosjekt.
Generell kompetanse

Studenten

  • Kan planlegge, disponere og gjennomføre skriving av ei akademisk oppgåve med profesjonsfagleg relevans i tråd med akademiske krav og etiske retningsliner.
  • Kan analysere, drøfte og formidle barnevernsfagleg relevante problemstillingar på ein kritisk reflektert måte.
  • Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet består i all hovudsak av sjølvstudium, men med innslag av rettleiing, gruppeaktivitetar og undervisning.

Studenten skal sjølv velje tema, problemstilling og avgrensing for oppgåva. Det vert gitt tilbod om rettleiing på basis av og under føresetnad av studenten sitt sjølvstendige arbeid.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Obligatorisk frammøte
Det er ikkje krav til frammøte i emnet.

Arbeidskrav
Studenten må gjennomføre arbeidskrav som viser evne til å utveksle synspunkt og erfaringar med andre.

Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7.

Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Roar Stokken
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell eller gruppe (etter avtale)
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Kandidaten/kandidatane vel sjølv om eksamenssvaret vert skrive på norsk eller engelsk.
Munnleg eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Kandidaten vel sjølv om den munnlege eksamenen vert halde på norsk eller engelsk.
Godkjent av: 
Randi Bergem 23.02.2023