Semestre
BVP252 Bacheloroppgåve i sosialt arbeid - barnevernspedagog
I emnet skal studentane tileigne seg og skape kunnskap om eit sjølvvalt tema. Kunnskapen skal framstillast gjennom ei skriftleg oppgåve innan ein akademisk sjanger. Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe. Temaet må vere relevant for barnevernspedagogen si profesjonsutøving og drøftast i lys av relevant teori, forsking og eventuell empiri.
Oppgåva kan vere empirisk eller teoretisk. Eventuell datainnsamling kan berre skje etter ein student har fått tildelt rettleiar. Dette kan skje før emnet tek til.
Innhald
Gjennom sjølvstudium, samarbeid med andre studentar, rettleiing og undervisning skal studentane tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som gjer dei i stand til å drøfte problemstillinga si:
- i eit teoretisk og praktisk perspektiv.
- på ein kunnskapsbasert basis.
- på ein måte som viser analytisk og etisk kompetanse.
- innanfor rammene til akademisk skriving og såleis vise at studenten meistrar formelle og metodiske krav til eit fagleg arbeid av dette omfanget.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Studenten har brei kunnskap om forsking- og utviklingsarbeid med relevans for barnevernsfagleg arbeid.
- Studenten har kjennskap til relevante forskingsdatabasar med relevans for barnevernsfagleg arbeid.
- Studenten kjenner til metodiske krav og forskingsetiske retningslinjer i vitskapleg arbeid.
- Studenten kan utvikle og drøfte ei praksisrelevant problemstilling.
- Studenten kan finne, kritisk vurdere og vise til kjelder slik at desse kastar lys over ei profesjonsrelevant problemstilling.
- Studenten kan reflektere over forskingsetiske problemstillingar i eige prosjekt.
- Studenten kan planlegge, disponere og gjennomføre skriving av ei akademisk oppgåve med profesjonsfagleg relevans i tråd med akademiske krav og etiske retningsliner.
- Studenten kan analysere, drøfte og formidle barnevernsfagleg relevante problemstillingar på ein kritisk reflektert måte.
- Studenten kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre.
Emnet består i all hovudsak av sjølvstudium, men med innslag av rettleiing, gruppeaktivitetar og undervisning.
Studenten skal sjølv velje tema, problemstilling og avgrensing for oppgåva. Det vert gitt tilbod om rettleiing på basis av og under føresetnad av studenten sitt sjølvstendige arbeid.
Frammøtekrav:
Det er ikkje krav til frammøte i emnet.
Arbeidskrav:
Følgjande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjende:
- Presentere eige prosjekt
- Gi respons på andre sine prosjekt
- Gruppearbeidskrav: levere referat frå responsprosessen
- Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | 9000 ord. | ||
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Varighet inntil 30 minutt |