Semestre

DIGKOMP1-KFB Innføring i digital kompetanse og praksis i barnehagen

Emnekode: 
DIGKOMP1-KFB
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Introduction to Digital literacy and practices for early childhood teachers
Emnenavn på bokmål: 
Innføring i digital kompetanse og praksis i barnehagen
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet Innføring i digital kompetanse og praksis i barnehagen skal gi pedagogane i barnehagane eit godt fagleg grunnlag, og tryggheit i arbeidet med digitale verktøy. For å oppnå dette må ein bygge kompetanse som individ (1.nivå), som deltakar i eit profesjonsfellesskap (2.nivå), men ein må også forstå og agere som del av mediesamfunnet(3.nivå). I dette innføringsemnet utviklar studenten eigne kunnskapar og praktiske ferdigheiter, vert kjent med rammer som regulerer digital praksis og korleis ein som del av mediesamfunnet til dømes må forholde seg til kunstig intelligens.  Fokuset er i dette emnet først på studenten si eiga kompetanse, som så gir eit trygt grunnlag for deling og planlegging av læringsprosessar i profesjonsfellesskap.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • kjenne og anvende oppdatert forskingsbasert kunnskap om (digitale) verktøy og metodar for ein variert praksis
  • kjenne til korleis digitale verktøy påverkar sosial utjamning, jamfør barnehagen sitt samfunnsmandat
  • kjenne til rammer som regulerer digital praksis i barnehagen, og korleis dette påverkar val og bruk av verktøy, som t.d. GDPR, lisensieringsreglar m.m.
  • sjå rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse i samanheng med rammeplanen for barnehagen.
  • reflektere over eigne verdiar, læringssyn og digital kompetanse som til dømes digital dømmekraft og personvern.
  • kjenne og ta omsyn til moderne barndom i mediesamfunnet, born si utvikling og korleis dette heng saman med ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling i eit allsidig læringsmiljø
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • produsere, vurdere og evaluere innhald gjennom ulike modalitetar som t.d. lyd, bilete, film og animasjon knytt til arbeid med fagområda i rammeplanen
  • implementere rik og variert digital praksis, i form av verktøy og metodar, i eige kollegium
  • tilpasse praksis til rammer som regulerer digital praksis
  • Legge til rette for at barna kan utforske, skape, leike og lære ved bruk av digitale verktøy i arbeidet med fagområda i rammeplanen.
  • stimulere til utforsking/nytenking og utvikling av personleg kompetanse.
Generell kompetanse

Studenten

  • verdset digital kompetanse og utforskar kreativ og skapande bruk av digitale verktøy saman med borna.
  • viser evne til digital dømmekraft, har eit bevisst forhold til opphavsrett,  kjeldekritikk og tek barna sitt personvern i vare.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er nettbasert og fundamentert på studentaktive læringsformer med fokus på praktisk utprøving på eigen arbeidsplass. Studenten kan jobbe seg gjennom studiet tilpassa eigen kvardag (asynkront). Vi nyttar Teams som supplement til Canvas sine kommunikasjonsverktøy for å styrke sosialisering og relasjonsbygging i studentgruppa. Slik får studentane også med seg perspektiv på ikkje berre bygd på eigen bakgrunn. Innhaldet i emnet består av leksjonar, som eksemplifiserer korleis digital praksis kan nyttast på eit mangfald av fagområde og kontekstar. Vurdering for læring ligg til grunn for læringsdesign og leder fram mot arbeidskrav og mappevurdering.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: ingen.

Arbeidskrav:

  1. Studentane skal planlegge, praktisere, dokumentere og evaluere aktivitetar med digitale element
  2. Studenten skal planlegge og reflektere kring kunnskapsdeling i eigen barnehage.  

Arbeidskrava vil bygge på aktivitetane i dei ulike delane av emnet og vidareutviklast til vurderingsmappa som utgjer eksamen.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
75
Emneansvarleg: 
Synnøve Hedemann Amdam
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Digital kompetanse i barnehagen - Kompetanse for framtidens barnehage
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
7 Dagar
Stått eller ikkje stått
100
Godkjent av: 
Arne Myklebust