Semestre
DIGKOMP2-KFB Digital praksis og profesjonsutvikling i barnehagen
Emnet Digital praksis og profesjonsutvikling i barnehagen bygg vidare på innføring i digital kompetanse og praksis i barnehagen. Her vidareutviklar studenten sine praktiske kunnskapar og ferdigheiter, til nye område som t.d. utvida virkeligheit (VR/AR) og nye modalitetar.
Emnet fokuserer vidare på deling og studentane får øve seg på å verte reflekterte digitalt kompetente pedagogar i barnehagen. Studentane fordjuper seg i teknologiske og pedagogiske utfordringar knytt til eigen arbeidsplass, gjennom å analysere, utvikle, gjennomføre og evaluere læringsprosessar i kollegiet i barnehagen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- anvende kunnskap om og analysere kreativ og skapande digital praksis i barnehagen.
- sjå og vurdere PDFK som del av barnehagen sitt samfunnsmandat
- anvende kunnskap om digital dømmekraft, personvern og andre rammer som regulerer digital praksis, til systematisk kollektive læringsprosessar i barnehagen
- samanstille kunnskap om og foreslå konsekvensar av moderne barndom og mediesamfunnet for barnehagens praksis
- kjenne teoretisk fundament for og utnytte kollektive læringsprosessar, til utvikling av verdiar og læringssyn i barnehagen
- analysere og utrede konsekvensar for digital praksis som del av ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling, og for å skape eit rikt og allsidig læringsmiljø
Studenten skal kunne
- vurdere og tilpasse bruk av modalitetar i både tradisjonelle medium og til dømes VR/AR til ein variert digital barnehagepraksis, gjennom kollektive læringsprosessar
- produsere, vurdere og evaluere planar for læringsprosessar som tematiserer kunnskapsmåla i emnet.
Studenten
- tek ansvar for lokal kompetanseutvikling og profesjonsfellesskap
- anerkjenner utfordringar i mediesamfunnet og viser evne til å ta grep for å imøtekome dei
Studiet er nettbasert og fundamentert på studentaktive læringsformer med fokus på praktisk utprøving på eigen arbeidsplass. Studenten kan jobbe seg gjennom studiet tilpassa eigen kvardag (asynkront). Vi nyttar Teams som supplement til Canvas sine kommunikasjonsverktøy for å styrke sosialisering og relasjonsbygging i studentgruppa. Slik får studentane også med seg perspektiv på, ikkje berre bygd på eigen bakgrunn. Innhaldet i emnet består av leksjonar, som eksemplifiserer korleis digital praksis kan nyttast på eit mangfald av fagområde og kontekstar. Vurdering for læring ligg til grunn for læringsdesign og leder fram mot arbeidskrav og mappevurdering.
Frammøtekrav: ingen.
Arbeidskrav:
- Studenten skal planlegge, praktisere, dokumentere og evaluere aktivitetar med digitale element
- Studenten skal gjennomføre og evaluere kunnskapsdeling i eigen barnehage.
Arbeidskrava vil bygge på aktivitetane i ulike delane av emnet og vidareutviklast til vurderingsmappa som utgjer eksamen
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Digital kompetanse i barnehagen - Kompetanse for framtidens barnehage
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 7 Dagar | Stått eller ikkje stått | 100 |