Semestre
DJM312 Dokumentarfilmens utvikling og egenart
Emnet tek utgangspunkt i kjende teoretiske spørsmål knytt til fiksjonsfilm og dokumentarfilm. Gjennom ein kritisk gjennomgang av desse teoriane blir det vist til perspektiv og problemstillingar som er aktuelle for analyse av dokumentarfilm.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Avansert kunnskap om dokumentarfilmens historie
- Inngåande kunnskap om korleis dokumentarfilm og fjernsynsreportasje framstiller og representerer verkelegheita
- Avansert kunnskap om retoriske grep i filmfortelling generelt og dokumentarfilm spesielt
Kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i dokumentarfilmens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- kan analysere eksisterande teoriar, metoder og fortolkningar innafor dokumentarfilmfeltet og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløsing
- Kunne bruke dokumentarfilmteori til å analysere egne produksjoner.
- Kunne vise til teoriar og produksjonar som setter dokumentarfilmen og fjernsynsreportasjen inn i ein samfunnsmessig og demokratisk betyding.
- Være i stand til å delta i samfunnsdebatten for å auke kvaliteten på dokumentarfilm og fjernsynsreportasje.
Undervisninga er basert på forelesingar og filmvisningar. Den første samlingen er obligatorisk.
Frammøtekrav: Den første samlingen er obligatorisk.
Arbeidskrav: Ingen
Ekstern sensur.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Dokumentar og journalistikk
- Mastergradsstudium i dokumentar journalistikk - deltid
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |