Semestre

DKL03K Samansette tekstar i læring

Emnekode: 
DKL03K
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Utbreiinga av Internett og digitale verkty har bidrege til at skrifta ikkje har ein like dominerande posisjon som tidlegare. Konsum og produksjon av samansette tekstar har vorte ein del av barne- og ungdomskulturen. Alle kan i dag samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i mediekulturen ved hjelp av enkelt tilgjengeleg teknologi. Didaktisk arbeid med samansette tekstar utgjer difor ein naturleg del av læringsprosessane i dag. Emnet DKL03K har eit særleg fokus på bruk og vurdering av samansette tekstar i læring. Bruk av multimodale/samansette tekstar i læringsarbeidet krev kunnskap om tekst, lyd, bilete og video, og korleis dei vert produsert og sett saman til eit meiningsfullt innhald. Bruk av digitale verkty i eit læringsmiljø krev kjennskap til, og tilgjenge av, forskjellig programvare samt kunnskap om barn- og unges mediekultur. Vurdering av kvalitet på medieprodukt og læringsutbyttet til elevane er også sentralt i emnet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Studentene vil arbeide med å produsere, vidareutvikle og vurdere samansette tekstar og multimedieprodukt i og for læring.

Kunnskapar
  • har grunnleggjande kunnskapar om barn og unge sin mediekultur ·       
  • har grunnleggjande kunnskap om prosessar knytt til produksjon og bruk av samansette tekstar og digitale læringsverkty.
  • har oppdatert og utvida sine kunnskapar innan læring og undervisning
  • er kjent med, og har forståing for, forskning og utvikling innan medieproduksjon i læringsarbeid
Ferdigheiter
  • kan produsere, bruke og evaluere samansette tekstar for bruk i læring
  • kan nyttegjere seg elevane sin mediekulturelle kompetanse i læringssamanheng
  • kan legge til rette for, støtte og rettleie elevane i korleis lage multimodale tekstar og vurdere elevane sine produksjonar knytt til fag og på tvers av fag
  • kan vurdere digitale verkty effektivt og nytte desse i ein læringssamanheng
Generell kompetanse
  • kan planlegge og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller gruppe.
  • forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, for eksempel teoriar, problemstillingar og løysningar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar.
  • kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis.
  • viser kjennskap og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, angitt i semesterplan.

Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Torbjørn Frantsen
Studieavgift

700 kr.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Vidareutdanning i digital kompetanse i læring - studiestad Ulstein
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
1 semester
Stått eller ikkje stått
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Godkjent av: 
Aud Folkestad