Semestre
DKL04K Filmproduksjon og omvendt undervisning (FlipEd)
Ingen
Utbreiinga av Internett og digitale verkty har bidrege til at skrifta ikkje har ein like dominerande posisjon som tidlegare. Konsum og produksjon av foto og film har vorte ein viktig del av barne- og ungdomskulturen. Alle kan i dag samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i mediekulturen ved hjelp av enkelt tilgjengeleg teknologi. Didaktisk arbeid med foto og film utgjer difor ein naturleg del av læringsprosessane i dag, også gjennom fokus på omvendt undervisning (flipped classroom). Emnet DKL04K har eit særleg fokus på visuell medieproduksjon for læring. Bruk av visuelle digitale verkty i eit læringsmiljø krev kjennskap til, og tilgjenge av, forskjellig programvare samt kunnskap om barn og unges mediekultur. Vurdering av kvalitet på medieprodukt, bruk av digitale verkty i læring og læringsutbyttet til elevane er også sentralt i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- har grunnleggjande kunnskapar om barn og unge sin mediekultur
- har grunnleggjande kunnskap om produksjonsprosessar i bilete, lyd og film.
- har grunnleggjande kunnskap om korleis leggje til rette for aktiv læring gjennom omvendt undervisning
- er kjent med, og har forståing for, forskning og utvikling innan medieproduksjon i læringsarbeid
- kan produsere, bruke og evaluere visuelle medieprodukt for bruk i læring
- kan nyttegjere seg elevane sin mediekulturelle kompetanse i læringssamanheng
- kan legge til rette for, støtte og rettleie elevane i korleis lage visuelle produkt og vurdere elevane sine visuelle produksjonar knytt til fag
- kan vurdere digitale verkty effektivt og nytte desse i ein læringssamanheng
- kan planlegge og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller gruppe.
- forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, for eksempel teoriar, problemstillingar og løysningar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar.
- kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis.
- viser kjennskap og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar i didaktisk arbeid
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, angitt i semesterplan.
Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
700 kr.
- Vidareutdanning i digital kompetanse i læring - studiestad Ulstein
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 1 Semester | Stått eller ikkje stått | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |