Semestre
DKL06K Programmering i skulen, 4.-10. trinn
Ingen
Fokus på programmering i skulen gir elevane høve til å forstå korleis mykje av teknologien dei omgir seg med til dagleg er oppbygd. I emnet DKL06K fokuserer vi på ulike måtar å jobbe praktisk med programmering på frå 4.trinn og oppover, frå blokkprogrammering i Scratch til tekstbasert programmering i Python. Ved ser også på “physical computing”, korleis det digitale kan samhandle med det analoge, t.d. ved hjelp av Microbit.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten kjenner til korleis elevane kan nytte programmering i læringsarbeid, og kan sjølv nytte programmering som lærar.
Studenten
- har grunnleggjande kunnskapar om algoritmisk tankegang
- har kunnskapar om metodar for programutvikling
- kjenner til programmeringa si historie og plass i samfunnet
- har grunnleggande kunnskap om aktuelle programmeringsspråk til bruk i skulen
Studenten kan
- utforme enkle algoritmar og pseudokode
- lage enkle program ved hjelp av blokkprogrammering/visuell programmering
- lage enkle program ved hjelpe av tekstbasert programmaering
- integrere programmering i læringsarbeidet med sine elevar
- vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
Studenten har
- betra forståing for teknologien sin plass i samfunnet
- betra evne til systematisk tenking og teknologisk støtte
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, angitt i semesterplan.
Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
2300 kr + semesteravgift
- Vidareutdanning i digital kompetanse i læring - studiestad Ulstein
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | Semester | Stått eller ikkje stått | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |