Semestre

DKL06K Programmering i skulen, 4.-10. trinn

Emnekode: 
DKL06K
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Fokus på programmering i skulen gir elevane høve til å forstå korleis mykje av teknologien dei omgir seg med til dagleg er oppbygd. I emnet DKL06K fokuserer vi på ulike måtar å jobbe praktisk med programmering på frå 4.trinn og oppover, frå blokkprogrammering i Scratch til tekstbasert programmering i Python. Ved ser også på “physical computing”, korleis det digitale kan samhandle med det analoge, t.d. ved hjelp av Microbit.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten kjenner til korleis elevane kan nytte programmering i læringsarbeid, og kan sjølv nytte programmering som lærar.

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om algoritmisk tankegang
  • har kunnskapar om metodar for programutvikling
  • kjenner til programmeringa si historie og plass i samfunnet
  • har grunnleggande kunnskap om aktuelle programmeringsspråk til bruk i skulen
Ferdigheiter

Studenten kan

  • utforme enkle algoritmar og pseudokode
  • lage enkle program ved hjelp av blokkprogrammering/visuell programmering
  • lage enkle program ved hjelpe av tekstbasert programmaering
  • integrere programmering i læringsarbeidet med sine elevar
  • vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
Generell kompetanse

Studenten har

  • betra forståing for teknologien sin plass i samfunnet
  • betra evne til systematisk tenking og teknologisk støtte
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, angitt i semesterplan.

Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Synnøve Hedemann Amdam
Studieavgift

2300 kr + semesteravgift

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Vidareutdanning i digital kompetanse i læring - studiestad Ulstein
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
Semester
Stått eller ikkje stått
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Godkjent av: 
Aud Folkestad