Semestre

DKL111 Læringsnettverk og digital danning

Emnekode: 
DKL111
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse.

Om emnet

Ny teknologi krev at skulen og barnehagen utviklar seg. Samfunnet blir meir spesialisert og det vert vanskelegare å planlegge læring for framtida sin kompetanse enn tidlegare. Evna til å hente den informasjonen og kompetansen ein til ei kvar tid treng, vil i framtida bli viktigare enn å eige informasjonen og kompetansen. Internett har bidrege til at alle kan samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i samfunnsdebatten.Emnet DKL111 har eit særleg fokus på di eiga digitale danning gjennom læringsnettverk. Dette nettverket består av personar og kunnskapselement. Det er viktig med kompetanse i å finne fram, sile ut, skape og bruke innhald i ulike ressursnettverk. Digital dømmekraft i høve til nettjuss, nettvett, digital mobbing, sosiale medier og digital studieteknikk er sentrale tema.Emnet har både praktiske og teoretiske tilnærmingar, og ein får utvikla seg fagleg både profesjonelt og personleg gjennom å tileigne seg nye læringsmetodar for livslang læring. Emnet kan takast som ein del av eit årsstudium, eit deltidsstudium eller som eit sjølvstendig emne.

Læringsutbytte

Standardtekst

 

 

Kunnskapar

Kandidaten har:

  • grunnleggjande kunnskap om barn og unge sin mediekultur
  • grunnleggjande kunnskap om digital dømmekraft og nettvett
  • grunnleggjande kunnskap om informasjonssøk på nett
  • grunnleggjande kunnskap om digital studieteknikk
  • grunnleggjande kunnskap om bruk av sosiale medier i læringssamanheng
  • forståing for forskning og utvikling innan medieproduksjon i læring, digitale verkty og mediert digital læring. 
Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • tilretteleggje for gode læringsprosessar i teknologirike omgjevnader
  • finne, vurdere og ta i bruk digitale ressursar i eige didaktisk arbeid
  • etablere og bruke nettverk som ein del av eiga kompetanseutvikling
  • vurdere digitale verkty effektivt og nytte desse i ein læringssamanheng
Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan  leggje til rette for, støtte og rettleie elevane i korleis lage multimedieprodukt
  • kan planleggje og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller i gruppe 
  • forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysningar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar 
  • kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis 
  • har kjennskap til og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er både nettbasert og med undervisning på campus. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Det er obligatorisk frammøte ved samlingane i emnet. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det vert gitt lokal rettleiing for dei som treng dette.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

a) Studenten skal levere svar på tre større arbeidsoppgåver. Kvar av oppgåvesvara skal vere godkjende av faglærar for at studenten får gå opp til avsluttande eksamen. Studenten har to forsøk på å få godkjend kvart oppgåvesvar. Innleveringstidspunkt vil gå fram av semesterplanen. Omfangskravet vil variere mellom 400 - 1200 ord, i tillegg til eventuelt lyd/bilete/video-materiale som oppgåveformuleringa krev.

b) Arbeid med innhald frå alle delemna skal dokumenterast gjennom publisering til studieblogg. Faglærar definerer nærare kva for krav det er til dokumentasjon.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Dag
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten vel ut til elektronisk mappevurdering for levering i Fronter:
a) Eitt oppgåvesvar frå arbeidskrav a. Avhengig av kva for oppgåvesvar som vert levert, skal omfanget vere mellom 1500 - 2500 ord, i tillegg til eventuelt lyd/bilete/video-materiale som oppgåveformuleringa krev.
b) Tre av innlegga frå arbeidskrav b. samt ein kommentar til ein medstudent sitt innlegg i sin studieblogg. Innlegga skal vere samla i eitt dokument.
c) Ei grunngjeving (utvalsrefleksjon) for utvalet (mellom 1200 - 2000 ord).Elementa blir vurdert samla med vekt på utvalsrefleksjon.