Semestre
DKL112N Læringsdesign og klasseromsleiing i teknologirike læringsmiljø
Ingen.
I studiet DKL112N ser vi nærare på samanhengen mellom klasseleiing og læringsdesign i teknologirike klasserom. Digitale verktøy og teknologiske løysingar pregar livet vårt både på og utanfor skulen. I skulen og klasserommet skal læraren halde fast ved skulen si kjerneverksemd samstundes som han/ho skal tilrettelegge for bruk av digitale verktøy i elevane sitt læringsarbeid. Det kan vere utfordrande å integrere og balansere “det nye” og “det gamle” i eit komplekst samspel. Å auke medvitet kring denne samanhengen kan gjere det enklare for lærarar å oppleve å ha struktur og oversikt i klasserommet, også når IKT vert brukt. Studiet har tett fagleg oppfølging, med tilbakemeldingar og diskusjonar, og moglegheit for samarbeid eller individuelt arbeid etter eige ønske.
Læringsdesign fokuserer på planlegging, utforming og gjennomføring av læreprosessar som også involverer teknologi. Klasseleiing er ein pedagogisk kjernekompetanse som handlar om læraren si evne til å tilrettelegge for elevane si læring, individuelt og i fellesskap. I DKL112N har vi fokus på samspelet mellom læringsdesign og klasseleiing, og vektlegg studenten si utvikling av eigen yrkespraksis. Emnet tek utgangspunkt i det daglege virket til pedagogen og har ei praktisk tilnærming til undervisningsplanlegging, anten for den vidaregåande skulen, for ungdomsskulen eller barneskulen. Studenten planlegg undervisning for sine elevgrupper (der dette er mogleg). Didaktisk arbeid med digitale verkty og ressursar utgjer ein naturleg del av læringsprosessen til dagens born og unge. Studentane får opplæring og erfaringspraksis i planlegging og utforming av undervisning med digitale verkty, og kunnskap om ulike metodar, læringsressursar og verkty for ulike typar læringsaktivitet og kurs. Emnet kan takast som ein del av eit årsstudium, eit halvårsstudium, eit deltidsstudium eller som eit sjølvstendig emne.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal ha:
- kunnskap om læringsdesign i teknologirike miljø
- kunnskap om klasseleiing i teknologirike læringsmiljø
- kunnskap om baklengs planlegging og forholdet til problemløysning og læring
- grunnleggjande kunnskap om prosessar i læringsdesign og modellering av læringsdesign
- grunnleggjande kunnskap om born og unge sin mediekultur
Kandidaten skal kunne:
- reflektere over eigen praksis og justere den under rettleiing
- ta i bruk kunnskap og relevante resultat frå forskingsarbeid i praktiske og teoretiske oppgåver og gjere velgrunna val
- lage og bruke eit læringsdesign til bruk i ein læringssamanheng
- evaluere og vurdere læringsdesign
- reflektere over eigen praksis og læringsprogresjon
Kandidaten skal:
- ha forståing for korleis teknologiutviklinga endrar premiss for undervisningsplanlegging/læringsdesign og klasseleiing
- kunne planleggje og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller gruppe
- kunne forstå tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysingar
- kunne vise kjennskap og erfaring i nytenking og innovasjonsprosessar
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og/eller i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen).
Vilkår for å framstille seg til eksamen er to godkjende arbeidskrav gjennom semesteret. Omfanget av desse arbeidskrava utgjer til saman ca 8000 ord.
Arbeidskrava vil inngå i eksamensmappa.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Kr. 4.000,-
- Digital kompetanse i læring, opne emne
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |