Semestre
DKL117N Tilpassa opplæring med digitale ressursar
Lærarutdanning eller anna relevant undervisingsrelatert utdanning
Med krav om tilpassa opplæring i eit inkluderande fellesskap og digitale ferdigheiter som ei grunnleggjande ferdigheit, aukar behovet for tilrettelegging for bruk av digitale ressursar i ein stadig meir digitalisert kvardag. Bruk av digitale ressursar gir nye moglegheiter for variasjon, differensiering, individuell tilpassing, nivåinndeling og adaptiv læring i eit læringsfellesskap. Digitale ressursar omfattar digitale verktøy som datamaskiner, nettbrett, mobiltelefon og kamera, samt digital programvare, internett og digitale læremiddel. Emnet tek utgangspunkt i tilpassa opplæring med digitale ressursar for alle elevar i ordinær undervisning.
Tilpassingsmoglegheitene aukar i takt med tilgangen på teknologi, digitale verktøy og ressursar. Tilrettelegging for elevane sitt læringsutbytte i eit digitalt samfunn krev ferdigheiter og kunnskapar for best mogleg utbytte av dei digitale ressursane. Dette omfattar blant anna utprøving og vurdering av digitale ressursar, samt kunnskapar om trygg og variert bruk av ressursane. Bruk av digitale ressursar i eit læringsmiljø krev god kjennskap til eit mangfald av programvare. I tillegg krev det kunnskapar om digital dømmekraft og om barn og unge sin mediekultur. Utprøving og bruksområde for ulike digitale læringsressursar vil difor stå sentralt. Kopling mellom ressurs, læringsmål og faginnhald, samt barn og unge sin mediebruk og utøving av digital dømmekraft vert også vektlagt.
Emnet er utvikla for å gi eit tilbod til lærarar og pedagogar i grunnskulen som ønsker å utvikle sin profesjonsfaglige digitale kompetanse med tanke på tilpassa opplæring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
forståing for tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysingar, både gjennom fagstoff og ved bruk av digitale ressursar
grunnleggjande kunnskap om vurdering og bruk av digitale ressursar i læringssamanheng
oppdaterte kunnskapar om tilpassa opplæring i eit inkluderande læringsmiljø
kjennskap til og forståing for forskning og utvikling innan tilpassa opplæring ved bruk av digitale ressursar
grunnleggjande kunnskapar om barn og unge sin mediekultur i eit digitalt samfunn
forståing for korleis digital teknologi og digitale ressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane i læringsprosessen
Studenten skal kunne
ta i bruk eit breitt repertoar av digitale læringsressursar og varierte arbeidsmetodar for tilpassa opplæring til ulike elevar sine behov
legge til rette for, støtte og rettleie elevane i sin bruk av digitale ressursar
finne, vurdere, velge og integrere bruk av digitale læringsressursar basert på didaktiske og behovsmessige betraktningar
utvikle eit variert og inkluderande læringsmiljø ved bruk av digitale ressursar
gjere seg nytte av elevane sin mediekulturelle- og digitale kompetanse i læringssamanheng
bruke digitale ressursar for å skape varierte og tilpassa læringsaktivitetar og vurderingsformer
legge til rette for ulike behov og læringsutbytte ved å utnytte moglegheiter som digital teknologi og digitale ressursar gir for tilpassa opplæring
Studenten skal
ha opparbeidd seg nye erfaringar med bruk av digitale ressursar som kan vidareførast til eigen praksis
kunne utveksle meiningar og erfaringar om bruk av digitale ressursar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
kunne fremme den enkelte elev si lærelyst, motivasjon og tru på eigne moglegheiter for å lære, skape, samhandle og dele i digitale omgjevnadar
- ha oppnådd profesjonsfaglig digital kompetanse som kan bidra til skulen si utvikling i samsvar med digitale endringar i samfunnet
Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar, læringsressursar, øvingar og oppgåver. Vi legg opp til studentaktive arbeidsformer, både individuelt og gjennom diskusjonar og erfaringsutveksling. Arbeidsoppgåvene vil bli relatert til læring og formidling ved hjelp av digitale ressursar. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen).
Frammøtekrav:
Ingen
Arbeidskrav
Emnet har to mappeoppgåver som skal vurderast og godkjennast før innlevering til eksamen. Omfanget på kvar oppgåve vil være på ca. 2500 ord.
Kr. 4.000,- + semesteravgift
- Digital kompetanse i læring, opne emne
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studenten skal levere ei mappe som består av revidert versjon av dei to oppgåvene frå arbeidskravet. |