Semestre

DKL20KØ Fagfornying og klasseleiing i teknologirike klasserom

Emnekode: 
DKL20KØ
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Digitale verktøy og teknologiske løysingar pregar livet vårt både på og utanfor skulen. I skulen og klasserommet skal læraren halde fast ved skulen si kjerneverksemd samstundes som han/ho skal tilrettelegge for bruk av digitale verktøy i elevane sitt læringsarbeid. Det kan vere utfordrande å integrere og balansere “det nye” og “det gamle” i eit komplekst samspel. I dette emnet ser vi nærare på klasseleiing/ læringsleiing i teknologirike klasserom på mellomtrinnet. Vi ser dette opp i mot intensjonane i fagfornyinga, og konkretiserer korleis fagfornyinga påverkar undervisninga framover. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har oversikt over dei viktigaste prinsippane i fagfornyinga, og veit korleis dei påverkar læringsarbeidet i klasserommet.
  • Har grunnleggjande kunnskapar om effektiv bruk av digitale verktøy i klasserommet.
  • Har grunnleggande kunnskap om digitale læringsmiljø, til dømes til kommunikasjon, lagring, samarbeid, oppfølging og vurdering.
  • er kjent med, og har forståing for, forskning og utvikling innan klasseleiing ved bruk av digitale ressursar 
Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • Ta i bruk digitale verktøy i planlegging og gjennomføring av læringsarbeidet.
  • planlegge og lede læringsarbeid ut i frå intensjonane i fagfornyinga.
  • Initiere, følgje opp og vurdere elevarbeid gjennom digitale verktøy.
Generell kompetanse
  • Betre forståing for teknologiens plass og potensiale i eit moderne klasserom.
  • Betre evne til å ta i bruk digitale verktøy i undervisning og kollegialt samarbeid.
  • Auka profesjonsfaglig digital kompetanse.
  • Kjenne til dei viktigaste prinsippa i fagfornyinga
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, oppgitt i semesterplan.

 

Arbeidskrav: 12 leksjonar og samlingar har eit arbeidskrav kvar. Studenten må ha bestått 80% av arbeidskrava for å bestå emnet. 

 

Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
180
Emneansvarleg: 
Stian Cornelius Fagerlid
Jarle Hauge Steffenssen
Studieavgift

Kr. 3.950,- + semesteravgift

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
1 semester
Stått eller ikkje stått
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret.Mappa skal leverast elektronisk. 12 leksjonar og samlingar har eit arbeidskrav kvar. Studenten må ha bestått 80% av arbeidskrava for å bestå emnet.