Semestre

DKL21K Klasseleiing i teknologirike klasserom i småskulen

Emnekode: 
DKL21K
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Classroom management in technology-rich classrooms on lower primary level
Emnenavn på bokmål: 
Klasseledelse i teknologirike klasserom i småskolen
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Samfunnet blir meir digitalisert. Dette gjeld og klasseromma i skulen. Det kan by på nye utfordringar. I dette emnet vil vi sjå på korleis leggje til rette for at læring blir hovudfokus og ikkje teknologien. Korleis ha god klasseleiing med mange nettbrett eller andre teknologiske verktøy i klasseromma. Mange av dei same grunnprinsippa for klasseleiing gjeld, men eit teknologisk klasserom gir nokre nye utfordringar. DKL10K har eit særleg fokus på kva bruk av teknologi i læring får av konsekvensar for arbeidsmåtar og klasseleiing. Det vil bli ein del modellering av undervisning, men og ein del fagteori rundt klasseleiing.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten skal: 

  • kunne vise god kunnskap om sentrale teoriar og problemstillingar rundt klasseleiing i teknologirike klasserom.
  • kjenne til relevant forskning om klasseleiing 
  • vise grunnleggjande kunnskap om profesjonsfaglig digital kompetanse
  • ha oppdatert og utvida sine kunnskapar innan læring og undervisning. 

 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • nytte digitale ressursar i eige didaktisk arbeid.
  • vurdere digitale verktøy ut i frå læringsutbytte.
  • leie gode og effektive læringssituasjonar. 
  • rettleie elevane til god bruk av digitale verktøy. 
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne planlegge, designe og leie gode læringssituasjonar.
  • forstå tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, for eksempel teoriar, problemstillingar og løysningar, og kan formidle dette.
  • kunne utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
  • vise kjennskap og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar. Studiet føresetje fem timar studieinnsats i veka, medrekna samlingar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, angitt i semesterplan.

 

Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Jarle Hauge Steffenssen
Studieavgift

Kr. 3950,- (ikkje inkludert semesteravgift.)

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Vidareutdanning i digital kompetanse i læring - studiestad Ulstein
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 13.08.19