Semestre
DKL21K Klasseleiing i teknologirike klasserom i småskulen
Ingen
Samfunnet blir meir digitalisert. Dette gjeld og klasseromma i skulen. Det kan by på nye utfordringar. I dette emnet vil vi sjå på korleis leggje til rette for at læring blir hovudfokus og ikkje teknologien. Korleis ha god klasseleiing med mange nettbrett eller andre teknologiske verktøy i klasseromma. Mange av dei same grunnprinsippa for klasseleiing gjeld, men eit teknologisk klasserom gir nokre nye utfordringar. DKL10K har eit særleg fokus på kva bruk av teknologi i læring får av konsekvensar for arbeidsmåtar og klasseleiing. Det vil bli ein del modellering av undervisning, men og ein del fagteori rundt klasseleiing.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- kunne vise god kunnskap om sentrale teoriar og problemstillingar rundt klasseleiing i teknologirike klasserom.
- kjenne til relevant forskning om klasseleiing
- vise grunnleggjande kunnskap om profesjonsfaglig digital kompetanse
- ha oppdatert og utvida sine kunnskapar innan læring og undervisning.
Studenten skal kunne
- nytte digitale ressursar i eige didaktisk arbeid.
- vurdere digitale verktøy ut i frå læringsutbytte.
- leie gode og effektive læringssituasjonar.
- rettleie elevane til god bruk av digitale verktøy.
Studenten skal
- kunne planlegge, designe og leie gode læringssituasjonar.
- forstå tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, for eksempel teoriar, problemstillingar og løysningar, og kan formidle dette.
- kunne utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
- vise kjennskap og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar. Studiet føresetje fem timar studieinnsats i veka, medrekna samlingar.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, angitt i semesterplan.
Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Kr. 3950,- (ikkje inkludert semesteravgift.)
- Vidareutdanning i digital kompetanse i læring - studiestad Ulstein