Semestre
DR112 Inn i teateret I: Skodespelarteknikk og barneteater
Ingen
Inn i teateret I er eit introduksjonsemne til skodespelteknikk, som har barneteater som sitt hovudfokus. Emnet har ei praktisk-teoretisk tilnærming til faget og vil vere med å kvalifisere deg for arbeid som drama- og teaterpedagog i skule og kulturskule. Emnet kan takast som ein del av eit bachelorstudium, eit studium på 30 eller 60 studiepoeng eller som eit sjølvstendig emne.
-
Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om utvalde retningar innan skodespelarkunst grunnleggjande kunnskap om barnekultur og barneteateret si historie og funksjon i samfunnet
Kandidaten kan nytte utvalde drama- og teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling for barn og unge nyttiggjere seg teoretisk kunnskap i analyse og vurdering av kulturuttrykk for barn og unge på eit grunnleggjande nivå.
-
Undervisinga er obligatorisk og vil ha ulike former som praktisk/kunstnarisk arbeid, temaseminar, førelesing, prosjektarbeid, framføring, sjølvstudium, rettleiing. Ei studiereise er lagt inn som ein obligatorisk del av studiet på 60 studiepoeng, under emnet Inn i teateret 1: Skodespelarteknikk og barneteater. Skriftleg dokumentasjon i form av rapportar, prosess/produktevaluering, scenarier, oppgåveskriving mm, vert knytt til både det praktiske og teoretiske arbeidet. Studentane brukar IKT som hjelpemiddel både i samband med teoretisk og praktisk arbeid. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav
Ei skriftleg oppgåve i framsyningsanalyse (ca. 2000-2500 ord.)
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor (vekting 50%). | |||
Heimeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | 3 dagars skriftleg heimeoppgåve (ca. 800-1000 ord). Studenten skal ut frå eige arbeid reflektere og drøfte ulike faktorar frå framsyninga i lys av aktuell teori (vekting 50%). |