Semestre

DR114 Inn i teateret II: Skodespeltarteknikk og teaterproduksjon

Emnekode: 
DR114
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Into the theatre 2
Emnenavn på bokmål: 
Inn i teateret II: Skodespeltarteknikk og teaterproduksjon
Eksamenssemester: 
2016 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

DR112 eller tilsvarande.

Om emnet

Inn i teateret II er eit emne som byggjer vidare på Inn i teateret 1 og går djupare inn i skodespelteknikk. Fokuset ligg på dei ulike sidene ved ein teaterproduksjon. Emnet har ei praktisk-teoretisk tilnærming til faget og vil vere med å kvalifisere deg vidare for arbeid som drama- og teaterpedagog i skule og kulturskule og som utøvar i det frie kulturlivet. Emnet kan takast som ein del av eit bachelorstudium, eit studium på 30 eller 60 studiepoeng eller som eit sjølvstendig emne.

Læringsutbytte

-

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskap om utvalde retningar innan skodespelarkunst grunnleggjande kunnskap om dramaturgi, regi og analyse av teaterframsyningar

Ferdigheiter

 Kandidaten kan nytte utvalde drama- og teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg arbeid reflektere over eiga fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver

Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga er obligatorisk og vil ha ulike former som praktisk/kunstnarisk arbeid, temaseminar, førelesing, prosjektarbeid, framføring, sjølvstudium, rettleiing. Skriftleg dokumentasjon i form av rapportar, prosess/produktevaluering, scenarier, oppgåveskriving mm, vert knytt til både det praktiske og teoretiske arbeidet. Studentane brukar IKT som hjelpemiddel både i samband med teoretisk og praktisk arbeid. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

Eit praktisk-munnleg foredrag over litteratur frå pensum. Oppgåva vert gitt av emneansvarleg.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Maksimumstal: 
25
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Kunstnarleg scenisk framsyning for medstudentar, faglærar og sensor med individuell karakter (vekting 50%).

Kunstnarleg scenisk framsyning for medstudentar, faglærar og sensor med individuell karakter
Heimeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Ei vekes individuell skriftleg heimeeksamen knytt til teaterpraksis på om lag 3000 ord.