Semestre
DR117 Forteljing og retorikk
Ingen
Forteljing og retorikk gir innsikt i og erfaring med kommunikasjon, retorikk og forteljarkunst. Emnet har ei praktisk tilnærming til faget der teori vert arbeid med i samband med praktiske øvingar. Emnet kan takast som ein del av eit bachelor-program, årsstudium, halvårsstudium eller som eit sjølvstendig emne.
-
Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om kommunikasjon, retorikk og forteljartradisjonar kunnskap om utvalde forteljarsjangrar og dramaturgi
Kandidaten kan nyttiggjere seg forteljing- og retorikk -teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling reflektere over eigne forteljingar og munnlege framføringar gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver
-
Undervisinga er obligatorisk og har ulike former som praktiske øvingar, førelesing, temaseminar, prosjektarbeid, rettleiing og instruksjon, framføring, sjølvstudium. Skriftleg dokumentasjon i form av rapportar, prosess/produktevaluering, scenarier, oppgåveskriving mm, vert knytt til både det praktiske og teoretiske arbeidet. Studentane brukar IKT som hjelpemiddel og kunstnarleg uttrykk både i samband med teoretisk og praktisk arbeid. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav
Utvikling og gjennomføring av eit kunstnarleg framføringsprosjekt åleine eller i gruppe
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Forteljarteaterframføring med etterfølgjande samtale knytt til pensum med sensor og faglærar. |