Semestre
DR201 Teaterteori og praksis III
60 stp i drama/teater der teaterhistorie må vere ein del av pensum.
Emnet byggjer vidare på Inn i teatret I og II og er ei og fordjuping i sentrale tema i skodespelarkunst, dramaturgi og regi. Emnet har ei praktisk-teoretisk tilnærming til faget og vil vere med å kvalifisere deg som utøvar i kulturliv og som drama- og teaterpedagog i skule og kulturskule.
-
Kandidaten har
- kunnskap om sentrale teaterfaglege metodar, verkty og prosessar
- kunnskap om sentrale skodespelartradisjonar og teaterfornyarar
Kandidaten
- kan nyttiggjere seg teaterkunnskap i praktiske og teoretiske arbeid
- kan bruke teaterfaglege teknikkar i kunstnarleg formidling
- kan reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing
Undervisinga er obligatorisk og vil ha ulike former som praktisk/kunstnarisk arbeid, temaseminar, førelesing, prosjektarbeid, framføring, sjølvstudium, rettleiing. Skriftleg dokumentasjon i form av rapportar, prosess/produktevaluering, scenarier, oppgåveskriving mm, vert knytt til både det praktiske og teoretiske arbeidet. Studentane brukar IKT som hjelpemiddel både i samband med teoretisk og praktisk arbeid. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav
Ei individuell skriftleg oppgåve knytt til fagteori (3000 ord)
Eit praktisk opplegg knytt til regi (oppgåve gitt av faglærar)
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Scenisk framføring med vekt på skodespelaren, individuelt eller i gruppe. Etterfølgjande samtale omkring teaterproduksjonen og fagteori med sensor og faglærar. |