Semestre

DRUSK902 Vitskapsteori, metodologi og forskingsetikk

Emnekode: 
DRUSK902
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Doktorgrad
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet gjev ei grundig innføring i kunnskapsdanning og metodeforståing innafor humaniora og samfunnsvitskap, så vel som sentrale etiske sider ved vitskapleg arbeid på dei fagområda.

Den vitskapsteoretiske delen har som mål å utvikle kandidaten si forståing av og sjølvstende i høve til sentrale epistemologiske retningar i humaniora og samfunnsvitskap. Det vert særleg lagt vekt på hermeneutikk, positivisme og konstruktivisme.

I delen om metodologi vert det lagt særleg vekt på å utvikle kandidaten si forståing av og sjølvstende i høve til ulike metodar, korleis dei står i forhold til kvarandre og korleis dei heng saman med dei vitskapsteoretiske posisjonane.

Målet med den tredje delen er å utvikle kandidaten sin etiske refleksjon kring eige avhandlingsarbeid og eiga forskarrolle, samt dei etiske utfordringane som ligg implisitt i ulike vitskapsteorietiske posisjonar. Her vil ein diskutere etiske utfordringar ein møter når ein forskar på andre menneske (inkludert sårbare grupper og personar utan samtykkekompetanse), kva betydning og etiske konsekvensar kunnskapsdanning har for samfunnet, forpliktinga til å formidle forskingsresultat og betydninga av kritisk forsking.

I undervisninga vert det lagt vekt på eksempel frå aktuelle forskingsprosjekt innafor fagområdet til programmet og korleis dei relaterer seg til vitskapsteoretiske, metodiske og etiske problemstillingar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • meistrar sentrale vitskapsteoretiske perspektiv, omgrep og standardar
  • kan vurdere vitskapsteoretiske problemstillingar innafor humaniora og samfunnsvitskap og korleis desse heng saman med ulike metodar
  • kan vurdere etiske utfordringar som ligg implisitt i ulike vitskapsteorietiske posisjonar
  • har god innsikt i forskingsetiske problem som kan oppstå under innsamling av empiriske data
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne

  • formulere og vurdere vitskapsteoretiske og metodiske problemstillingar innafor humaniora og samfunnsvitskap
  • vurdere kor tenlege ulike metodar vil vere i gjennomføringa av ulike forskings- og utviklingsprosjekt på fagområdet
  • handtere komplekse faglege spørsmål og utfordre etablert kunnskap og praksis på fagområdet
  • gjennomføre forskingsprosjekt i fagfeltet på ein etisk ansvarleg måte
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan delta i ordskifte om vitskapleg kunnskap
  • kan identifisere og vurdere etiske utfordringar i forsking og utøve forsking med fagleg integritet
  • kan formidle fagleg kritikk relevant og sakleg både munnleg og skriftleg
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er samlingsbasert. På samlingane vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer, slik som førelesingar, seminar, oppgåveløysing og kandidatpresentasjonar. I emnet vert det også lagt opp til arbeid med eksempel frå forskingsprosjekt på det aktuelle fagområdet og dei praktiske implikasjonane ved å arbeide med vitskapsteori, metode og forskingsetiske problemstillingar. Fagfellerespons og tilbakemeldingar vert gjorde på seminar og gjennom skriftleg digital tilbakemelding.
 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 80 % deltaking i undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6.

Arbeidskrav:

Emnet har to arbeidskrav:

  1. Skriftleg presentasjon på om lag 1500 ord av ein tekst frå pensum (om vitskapsteori, metodologi eller forskingsetikk). Kandidaten skal i presentasjonen drøfte tematikken i pensumteksten i høve til eige ph.d.-prosjekt. Det vert gjeve fagfellerespons (sjå neste punkt) før arbeidskravet skal godkjennast av faglærar.
  2. Fagfellerespons til to medkandidatar på det skriftlege arbeidskravet (punktet ovanfor).
Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Jonas Gamborg Lillebø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Utdanning, språk og kultur - ph.d.
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100 %
Fagessay.
Alle.
Om lag 3000 ord.