Semestre

EXP100 Examen philosophicum

Emnekode: 
EXP100
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Examen philosophicum (Exphil) er eit obligatorisk innføringsemne i filosofi som inngår i dei fleste bachelorprogramma ved norske universitet. Emnet gjev studenten ei brei forståing for filosofiske problemstillingar og metodar, og fungerer som ei førebuing til vidare studiar. Emnet er delt opp tematisk i filosofihistorie, vitskapsteori og etikk. Studenten lærer å analysere og kritisk vurdere argument, identifisere antakingar, og formulere eigne synspunkt. Gjennom Exphil får studentane verktøya dei treng for å anvende filosofisk tenkning i andre fagområde og i deira personlege og profesjonelle liv.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten: 

  • har forståing for grunnleggande filosofiske problemstillingar og omgrep
  • har kunnskap om hovedtrekk i filosofihistoria
  • har kunnskap om sentrale teoriar i vitskapsteori og etikk. 
  • har innsikt i filosofiske diskusjonar om natur, menneske og kunnskap.
Ferdigheiter

Studenten: 

  • har ferdigheiter til å anvende filosofiske omgrep og teoriar i nye samanhengar
  • har ferdigheiter i å identifisere og vurdere argument kritisk
  • kan reflektere kritisk og sjølvstendig over filosofiske problemstillingar
Generell kompetanse

Studenten: 

  • kan uttrykke seg klart både skriftleg og munnleg
  • har kompetanse til å delta i akademiske diskusjonar og utforme eigne akademiske tekstar
  • har evne til å reflektere over etiske og samfunnsmessige spørsmål på ein informert måte
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga har form av førelesingar og seminar. Studenten skal arbeide med ei prosessoppgåve gjennom semesteret. Studenten skal levere eit utkast av oppgåva etter nærare fastsette regler og tider og får respons på det innleverte oppgåveutkastet. Oppgåva skal endeleg leverast som eksamensoppgåve.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjent innlevering av utkast til prosessoppgåve etter nærare fastsette krav og fristar, samt obligatorisk deltaking på førelesingar/seminar (80 %).

Sensorordning
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Jonas Gamborg Lillebø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Friluftsliv og naturguide - bachelor
  • Idrett og kroppsøving - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Eksamenssvaret skal leverast i det digitale eksamenssystemet Inspera.
Alle
2500 ord
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Eksamenssvaret skal leverast i det digitale eksamenssystemet Inspera.
Ingen
Inntil 2000 ord
Godkjent av: 
Arne Myklebust