Semesters
EXP100 Examen philosophicum
Ingen
Emnet er ei innføring i tradisjonelle emne i Examen philosophicum. Fagstoffet er fordelt på tre delar, og omfattar filosofi- og vitskapshistorie, generell vitskapsfilosofi og allmenn moralfilosofi.
Del 1 gjev oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes. Del 2 gjev eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar i vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet. Del 3 gjev eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar i moralfilosofien.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om
- har kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider
- har innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk
- har innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkjemåtar og metodar
- har innsikt i grunnleggande omgrep, teoriar og tenking innan allmenn moralfilosofi og etikk
Studenten:
- har ferdigheiter i fagleg skriving
- har ferdigheiter i planmessig arbeid med, emneavgrensing, problemformulering, stoffsamling og kjelder
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette etter respons
- kan nytte relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
- kan reflektere over filosofiske problemstillingar og filosofiske omgrep
- kan applisere vitskapelege tenkemåtar og metodar på ulike fagstudium
- kan anvende etisk tenking på utvalde etiske problemstillingar
Studenten:
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
- kan utvikle evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, vitskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål – som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på.
Undervisninga har form av førelesingar og seminar. Studenten skal arbeide med ei prosessoppgåve gjennom semesteret. Studenten skal levere eit utkast av oppgåva etter nærare fastsette regler og tider og får respons på det innleverte oppgåveutkastet. Oppgåva skal endeleg leverast som eksamensoppgåve.
Godkjent innlevering av utkast til prosessoppgåve etter nærare fastsette krav og fristar, samt obligatorisk deltaking på førelesingar/seminar (80 %).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.
- Language and Literature - bachelor
- Outdoor Life Education and Nature Guiding - bachelor
- Physical Education - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Eksamenssvaret skal leverast i det digitale eksamenssystemet Inspera. | Alle | 2500 ord |
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Eksamenssvaret skal leverast i det digitale eksamenssystemet Inspera. | Ingen | Inntil 2000 ord |