Semestre

EXP100-AVG Examen philosophicum, 10 stp (nettstudium, avgiftsbasert)

Emnekode: 
EXP100-AVG
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Fagstoffet er fordelt på tre delar. Den første er på fem stp og omfattar filosofi- og vitskapshistorie. Den andre er på tre stp og omfattar allmenn moralfilosofi. Den tredje, på 2 stp, dreier seg om generell vitskapsfilosofi.

Del 1: Filosofi- og vitskapshistorie (5 stp). Delen gjev eit oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes. 

Del 2: Etikk (3 stp). Delen skal gje eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar innan moralfilosofien.

Del 3 Vitskapsfilosofi (2 stp). Delen skal gje eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar innan vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter enda studium skal studenten

ha kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om

ha kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider

ha særleg innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk

Ferdigheiter

Etter enda studium skal studenten

ha tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkemåtar og metodar og til ei viss grad kunne applisere desse på ulike fagstudium

ha tileigna seg innsikt i grunnleggane omgrep, teoriar og tenking innan allmenn etikk

ha utvikla evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, viskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål 

Generell kompetanse

Studiet vil utvikle

kunnskapar og evner som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på, og for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert som eit nettstudium med studieavgift.Undervisinga har form av leksjonar på Fronter, utveksling av spørsmål og synspunkt i diskusjonsforum på Fronter, skriving av tre minioppgåver, og kommunikasjon med lærar på e-post.Det vert utarbeidd detaljert ein plan/kalender over nettundervisninga med tidspunkt for utsending av leksjonar og fristar for innlevering av minioppgåvene.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

I løpet av semesteret skal kvar student skrive tre minioppgåver – ei i filosofihistorie, ei i etikk og ei i vitskapsfilosofi. Oppgåvene skal ha ein storleik på ca. 5500 teikn utan mellomrom (ca. 1000 ord) og skal leverast i Fronter innan oppgjevne tidsfristar.Lærar kommenterer og vurderer dei tre oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan ta eksamen.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Jonas Gamborg Lillebø
Knut-Willy Sæther
Studieavgift

kr. 2500 + semesteravgift

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Examen Philosophicum (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
1 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell heimeeksamen over eitt døgn. Eksamensoppgåva må ikkje overstige 4 000 ord.