Semestre

GL1-7KROP2 Kroppsøving 2

Emnekode: 
GL1-7KROP2
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Faget kroppsøving for 1.-7. trinn i lærarutdanninga skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen.

Undervisninga i faget skal vere forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Kroppsøving skal gje studentane solid pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, men også til å utvikle faget i framtida og på eit breiare grunnlag ivareta dei kroppslege dimensjonane ved det å vere menneskje.

Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane sin allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar. Det blir også arbeidd med å sjå kroppsøving i tverrfaglege samanhengar i skulen. Gjennom arbeidet med Kroppsøving 2 skal studentane utvikle sjølvstendig refleiksjon og vurdering av eiga undervisning.

Emnet er sett saman av desse kursa:

Kurs 1. Idrettspedagogikk
- Pedagogiske problemstillingar retta mot idrett og kroppsøving
- Motivasjon og meistring hjå ulike målgrupper
- Idrett og sjølvbilete
- Læring i idrettsgrupper
- Kropp, kultur og samfunn
- Barne- og ungdomsidretten

Kurs 2. Fysiologi og treningslære

- Fysiologi med tanke på arbeidskapasitet og trening

- Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag

- Idrettsskadar

- Doping 

Praktiske kurs: Didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for ulike aldersgrupper.

Kurs 3. Dans 
- Dans ved hjelp av lyd og rytme, og musikk.
- Dans som samværs -, kommunikasjons – og treningsform.

Kurs 4. Ski
- Leik på ski
- Innføring i svingteknikk.

Kurs 5. Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar.
- Om idrett for alle. Meistring, inkludering og likeverd.
- Praktisk aktivitet for å få kunnskap om og innsikt i ulike utfordringar ein som kroppsøvingslærar/trenar kan møte.
- Planleggje og ta del i Spenningskurset på Bjorli eller tilsvarande praksis.

Kurs 6. Praktisk treningslære  

- Bruk av enkelt test- og registreringsutstyr

- Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag 

Kurs 7. Ballspel

- Innføring i ballspela volleyball, handball, fotball og basketball der ein øver grunnleggjande tekniske og taktiske dugleikar, praktisk metodiske innlæringsmoment, fagdidaktikk, tilrettelegging for ulike aldersgrupper, tillempingar for skulebruk, normer og reglar.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

 Etter å ha fullført studiet skal studentane ha tilegna seg kunnskap om:

  • og kritisk kunne forholde seg til idrettspedagogiske teoriar og praksis
  • forskings- og utviklingsarbeid knytt til kroppsøving
  • trening, treningsprinsipp og treningsleiing eigna for ulike aldersgrupper kroppen i rørsle, spesielt med tanke på læring av kroppslege og idrettslege dugleikar
  • ha innsikt i ulike tilnærmingar til læring, motivasjon og leiing i idrett og skule
  • idrett og sjølvbilete
  • den organiserte barne og ungdomsidretten
  • kritisk kunne reflektere kring fagdidaktiske teoriar og praksis knytt til undervisning og instruksjon
  • praktisk erfaring med grunnleggjande element knytt til tilpassa opplæring for born og ungdom med ulike føresetnader
  • å planleggje, leggje til rette for og gjennomføre praktisk metodisk opplegg i utvalde aktivitetar
  • den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring i praktiske aktivitetar

 

Ferdigheiter

Etter å ha fullført studiet skal studentane ha tileigna seg ferdigheiter i:

  • og erfaring med grunnleggande fagdidaktikk i praksis, og vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
  •  vidareutvikle eigne kunnskapar og dugleikar i leik, idrett, dans, friluftsliv og tidsaktuelle rørsleformer med tanke på undervisning i kroppsøving
  • vurdere rørslemiljø, aktivitet og trening eigna for ulike aldersgrupper
  • vurdere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å forbetre undervisning og læring i kroppsøving gjennomføre forsøks- og utviklingsarbeid knytt til eigen lærarkompetanse i kroppsøving
  • utvide eige repertoar av aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervisning i kroppsøving
  • å leggje til rette for læring i praktiske aktivitetane for barn og ungdom med ulike føresetnadar
  • å kunne utføre grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske kursa
  • kan leggje til rette for og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, skileik, dans, praktisk treningslære, ballspel, innføring i svingteknikk og tidsaktuelle rørsleformer
  • kan vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemelding
  • kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
  • å leggje til rette for læring i praktiske aktivitetar for ulike aldersgrupper 
  • grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske disiplinane

 

 

Generell kompetanse

Etter å ha fullført studiet skal studentane ha generell kompetanse til å:

  • vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning
  • kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
  • kan bidra til skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
  • kan kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om problemstillingar knytt til kroppsøving og kroppsleg læring
  • kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som kroppsøvingslærar
  • arbeide tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
  • bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving
  • reflektere omkring kroppsøving som del av norsk kultur og i eit fleirkulturelt og internasjonalt perspektiv

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, i skibakke og i skianlegg, på baner og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.

Studieturar:

Kurs 4, Ski: Dersom dårlege snøtilhøve må ein rekne med fråvær frå heimen inntil fem dagar.

Kurs 5, Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar: Studentane må rekne med fråver frå heimen inntil seks dagar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Kurs 3 og 6: Krav om 80 % oppmøte.
  • Kurs 4 og 5: Krav om 100% frammøte/deltaking
  • Kurs 7: krav om 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.

 

Arbeidskrav:

  • Godkjent mappe (innlevering i grupper) i kurs 1 Idrettspedagogikk, omfang på ca. 3000-4000 ord
  • Godkjent ein seminarpresentasjon i grupper i kurs 1 Idrettspedagogikk
  • Gjennomført eigentreningstimar slik det går fram av kvar kursplan
  • Godkjent eigentreningsrapportar slik det går fram av kvar kursplan
  • Vist eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane i emnet etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane. Studentar som blir vurderte til ikkje godkjent kan verte pålagde ferdigheitsprøver
  • Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåver i kurs 3, 4 og 7.
  • Refleksjonsnotat knytt til kurs 5. Omfang: ca. 1000 ord
  • Godkjent praktisk metodiske oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet . I kurs 3, 4 og 7 vert nokre studentar trekte ut til å gjennomføre eit praktisk metodisk opplegg der dei underviser medstudentar. Gjennomført respons i grupper til medstudentar under PMO. Retningsliner for dette arbeidet vert lagt fram ved studiestart.
  • Obligatorisk frammøte og aktiv deltaking på undervisning og seminar i kurs 1 og 5, slik det går fram av kursplan.

 

Sensorordning

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Elisabeth Innselset
Materialavgift

Materialavgift: 400kr

Kurs 4: Studentane må rekne med utgifter til transport (evt. opphald dersom skikurset ikkje kan leggast lokalt) og heiskort i samband med skiundervisning.

Kurs 5: Studentane må rekne med kostnadar til mat og ein eigenandel på 350,- i samband med kurset.

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
5 Dagar
Stått eller ikkje stått
Kurs 4, Ski:
Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
6 Dagar
Stått eller ikkje stått
Kurs 5, Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar:
Vurderingsgrunnlag: Aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid.
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Kurs 1, Pedagogikk i kroppsøving og idrett.
Skriftleg eksamen
Individuell
3 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Kurs 2: Fysiologi og treningslære.
Godkjent av: 
Aud Folkestad