Semestre
GL1-7MAT2A Matematikk 2A (1-7)
GL1-7MAT1A eller tilsvarande.
Emnet utgjer, saman med GL1-7MAT2B, den valbare påbygginga i matematikk i 3. året av studieprogrammet Grunnskulelærarutdanning 1-7. Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på barnesteget. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule. Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 1-7, og er såleis ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1.Tema i emnet er mellom anna matematikkdidaktisk forsking og forskingsmetodar, matematikkvanskar og tilpassing av undervisning.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med
relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevers læring
i grunnskulen - har inngåande undervisningskunnskap knytt til
progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen - har kjennskap til kvantitative og kvalitative
metodar som er relevante i matematikkdidaktisk forsking
Studenten
- kan formidle spesialkunnskap i eit utvalt
matematikkdidaktisk og/eller matematikkfagleg emne relevant for 1.-7. steg - kan bruke kvantitative og kvalitative
forskingsmetodar til å gjennomføre matematikkdidaktiske undersøkingar - kan bidra i lokalt læreplanarbeid
- kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag
for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring.
Studenten
- kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt
til matematikkundervisning - kan delta og bidra i arbeid med tanke på å betre
matematikkfaget sin praksis.
Emnet legg opp til varierte arbeidsformer som krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Arbeidsformene kan inndelast slik: sjølvstudium, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar. Det vert lagt vekt på at studentane skal bli kjende med matematikkdidaktisk forsking både gjennom teoripresentasjon og gjennom eige arbeid. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet. Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.
- Innlevering av sjølvvald pensum på om lag 50
sider. - Presentasjon av ein fagartikkel for medstudentar
og lærar. - Innlevering av sjølvvalt
problemstilling og korleis ein kan gå fram for å kunne svare på denne. - Innlevering av eit skriftleg førsteutkast på
semesteroppgåva. - Presentasjon av semesteroppgåva munnleg.
Arbeidskrava vert
presiserte og tidfesta i semesterplanen.
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Grunnskulelærarutdanning for 1-7 årssteg
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 3800 - 4500 ord |