Semestre

GL1-7MAT2A Matematikk 2A (1-7)

Emnekode: 
GL1-7MAT2A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Mathematics 2A - grades 1-7
Emnenavn på bokmål: 
Matematikk 2A (1-7)
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

GL1-7MAT1A eller tilsvarande.

Om emnet

Emnet utgjer, saman med GL1-7MAT2B, den valbare påbygginga i matematikk i 3. året av studieprogrammet Grunnskulelærarutdanning 1-7. Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på barnesteget. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule.  Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 1-7, og er såleis ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1.Tema i emnet er mellom anna matematikkdidaktisk forsking og forskingsmetodar, matematikkvanskar og tilpassing av undervisning.

Læringsutbytte

-

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om eit sjølvvalt matematikkfagleg
    emne
  • har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med
    relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevers læring
    i grunnskulen
  • har inngåande undervisningskunnskap knytt til
    progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen
  • har kjennskap til kvantitative og kvalitative
    metodar som er relevante i matematikkdidaktisk forsking

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formidle spesialkunnskap i eit utvalt
    matematikkdidaktisk og/eller matematikkfagleg emne relevant for 1.-7. steg
  • kan bruke kvantitative og kvalitative
    forskingsmetodar til å gjennomføre matematikkdidaktiske undersøkingar
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag
    for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt
    til matematikkundervisning
  • kan delta og bidra i arbeid med tanke på å betre
    matematikkfaget sin praksis.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet legg opp til varierte arbeidsformer som krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Arbeidsformene kan inndelast slik: sjølvstudium, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar.  Det vert lagt vekt på at studentane skal bli kjende med matematikkdidaktisk forsking både gjennom teoripresentasjon og gjennom eige arbeid. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet. Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Innlevering av sjølvvald pensum på om lag 50
    sider.
  • Presentasjon av ein fagartikkel for medstudentar
    og lærar.
  • Innlevering av sjølvvalt
    problemstilling og ein disposisjon til semesteroppgåve.
  • Innlevering av eit skriftleg førsteutkast på
    semesteroppgåva.
  • Presentasjon av semesteroppgåva munnleg.

Arbeidskrava vert
presiserte og tidfesta i semesterplanen.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
30
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Om lag 5000 ord