Semestre
GL1-7NF1B Naturfag - Biologi og geofag (1-7)
Ingen
Undervisninga i Naturfag - Biologi og geofag (GL1-7NF1B), saman med Naturfag - Fysikk og kjemi (GL1-7NF1A), tek sikte på å gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag i grunnskulen sitt barnesteg. Emnet tek for seg tema innan biologi og geofag.
Faglege tema:
- biologi: biologisystematikk, generell økologi og biotoplære, cellebiologi, oppbygging og funksjon hos plantar og dyr inkludert menneske, fossilar og evolusjon, artskunnskap
- geofag: bergartar og mineralar, oppbygnad av og prosessar i Jorda, geofysikk med meteorologi
-
- faglege og fagdidaktiske kunnskapar i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema
- kunnskap om å gje undervisning i skulefaget naturfag
- kunnskap om, og erfaring med, tryggleik og tryggleiksrutinar ved arbeid i laboratorium og ved praktisk naturfagundervisning generelt
- generelle praktiske ferdigheiter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema
- ferdigheiter i å gje undervisning i skulefaget naturfag
- ferdigheiter i å gje ei naturfagopplæring tilpassa den einskilde elev sine evner og føresetnader
- sjå naturfaget i samanheng med elevane sine grunnleggande ferdigheiter slik dei er definert i LK06
- utvikle evne til å sjå muligheiter for fleir- og tverrfagleg organisering og undervisning i naturfaglege tema
fgd
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning, samt regelmessige innleveringar av arbeidskrav via internett (Fronter). Arbeidskrava vil verte gjevne i form av individuelle
innleveringar eller gruppearbeid. Frammøte til både den teoretiske og praktiske undervisninga er obligatorisk, sjå «Forskrift om studium og eksamen ved
Høgskulen i Volda, §4-6». Kvar student skal gjennomføre ein tovekers periode med skolepraksis i løpet av semesteret.
Det er ein føresetnad at studentane disponerer digitalt kamera til bruk i dokumentasjonsarbeid.
Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:
- levere fagrapport frå tre laboratorieøvingar/feltarbeid (minimum 1500 ord)
- levere ein samlerapport frå det øvrige laboratorie- og feltarbeidet
- bestå ein artsprøve basert på ei liste på 100 pensumartar
For å få lov til å gjennomføre obligatorisk lab-undervisning skal studenten før kvar av dei to samlingane gjennomføre og få godkjent ei kunnskapsprøve (fleirvalsprøve i Fronter). Det vert gitt to forsøk.
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i semesterplanen.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ingen |