Semestre
GL1-7NOR1B Norsk 1B 1-7
Ingen
I norsk 1 står begynnaropplæring i lesing og skriving sentralt, men også vidareutvikling av lese- og skriveferdigheitene til elevar til og med sjuande klasse.
Studentane skal lære å arbeide med dei grunnleggande ferdigheitene, lesing, skriving, munnleg bruk av språket, rekning og bruk av digitale verktøy i norskfaget, og på tvers av faga. Dei skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
På norsk 1 emne B skal studentane vidareutvikle og bruke faglege og fagdidaktiske innsikter dei har frå emne A. Emnet legg vekt på begynnaropplæring i lesing og skriving. Vidare legg emnet vekt på tilpassa opplæring, norsk som andrespråk og lese- og skrivevanskar.Fokusområdet på emne B er dei utfordringane som er knytt til formidling av norskfaget på barnesteget.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har kunnskap om korleis barn utviklar språk og omgrep, munnleg og skriftleg
- har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing og skriving kan ha for elevars utvikling og læring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
- har kunnskap om lese- og skriveteoriar og om ulike teoriar innan lese- og skriveopplæring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
- har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
- har gode kunnskapar om barnelitteratur i ulike sjangrar og forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid.
- har kunnskap om litteratur frå nyare tid
- har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skulens norskfag
Kandidaten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 1. til 4. trinn og grunngi faglege val
- kan vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- kan kartleggje lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
- kan analysere og tolke ulike typar tekstar og formidle litteratur på varierte måtar
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kan vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbytte til elevane
Kandidaten
- er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
- kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid.
Arbeidskrav:
- Eitt skriftleg arbeidskrav. Individuelt arbeid. Omfang: Ca. 2500 ord
- Haust: Ei skriftleg prøve på tre timar. Dato for prøva vert gitt i semesterplanen
- Eitt munnleg arbeidskrav knytt til eit fagleg tema
Alle skriftlege innleveringar i haustsemesteret skal leverast på bokmål.
Alle skriftlege innleveringar i vårsemesteret skal leverast på nynorsk.
Det vert gitt nærare informasjon om arbeidskrava i semesterplanen.
Frammøte: Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Grunnskulelærarutdanning for 1-7 årssteg
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Målform: Nynorsk | Læreplanverk og ordliste. |