Semestre

GL1-7NOR2A-D Norsk 2A - deltid

Emnekode: 
GL1-7NOR2A-D
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Norsk 1A (GL1-7NOR1A) og Norsk 1B (GL1-7NOR1B), eller tilsvarande. 

Om emnet

Emnet er første del av studiet Norsk 2 for 1.–7. årssteg, deltid. I norsk 2 skal studentane få ei utvida, forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap og fagdidaktikk. Studentane skal arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha kunnskap om norskfaget som dannings- og reiskapsfag og om gjeldande læreplan.
  • ha kunnskap om språkleg variasjon i skriftlege og munnlege tekster
  • ha kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår, og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • ha inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne tolke og forstå gjeldande læreverk, både i eit reiskaps- og danningsperspektiv
  • kunne rettleie elevar i lese- og skriveprosessen, slik at elevane blir kompetente lesarar og skrivarar og får utnytta sitt potensiale
  • kunne utnytte eit breitt repertoar av lese- og skrivestrategiar
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • ha innsikt i norskfaget ut frå forsking og kunne reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
  • kunne formidle litteratur og motivere elevane til lesing og skriving
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Norsk 2A er eit kombinert nett- og samlingsbasert emne. Det er inntil tre samlingar i semesteret. Kvar samling går over to heile dagar.

Nettundervising, innlevering av arbeidsoppgåver og individuell rettleiing skjer via læringsportalen Fronter og Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til samlingane. 

Arbeidskrav:

I løpet av studiet skal studentane gjennomføre følgjande arbeidskrav:

  • Fire skriftlege tekstar (omlag 1500 ord)

To av arbeidskrava skal skrivast på nynorsk, og to skal skrivast på bokmål. Det vert gitt nærare informasjon om arbeidskrava og frist for levering i semesterplanen. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kapittel 5.

 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
-
Emneansvarleg: 
Pernille Fiskerstrand
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning 1.-7. årssteg, deltid 2014-2019
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Mappa skal innehalde to av dei tre skriftlege arbeidskrava (1500 ord) og ein presentasjonstekst som grunngir utvalet (inntil 800 ord).