Semestre

GL1-7PEL2 Pedagogikk og elevkunnskap 2 1-7

Emnekode: 
GL1-7PEL2
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er andre del av faget Pedagogikk og elevkunnskap. Innhaldet i emnet tek føre seg elevmangfaldet og tilrettelegging av læringsprosessar. Det er den lærande eleven som er i sentrum, der kvar elev med sine unike personlege, sosiale og kulturelle føresetnader for læring er ein del av eit fellesskap. Forskingsbasert kunnskap om arbeid med inkluderande og tilpassa opplæring, læring individuelt og i samspel står sentralt. Studiet gir innsikt i pedagogiske utfordringar knytt til elevmangfaldet, der språkleg og kulturell variasjon vert vektlagd. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

 Studenten skal ha kunnskap om:

  • sosialt, språkleg og kulturelt mangfald i barn og unge sin oppvekst
  • utvikling og læring i ulike sosiale, språklege og kulturelle samanhengar og om forsking på tilpassa opplæring
  • betydninga av eit godt samarbeid mellom heim og skule og korleis dette kan utviklast
  • barn som skulebegynnarar og deira språk- og omgrepsutvikling
  • elevar si utvikling av sjølvoppfatning, identitet og sjølvregulering
  • elevar med fleirspråkleg og fleirkulturell bakgrunn, mellom anna om samar og nasjonale minoritetar
  • utfordringar og moglegheiter i pedagogisk arbeid med elevar som har særskilde behov for tilrettelagt opplæring
  • barn i vanskelege livssituasjonar
  • innhaldet i og grunngjevingane for dei sentrale nasjonale og internasjonale reguleringane som gjeld elevar og deira rettar
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • bruke kunnskapar om barn og unge sin bakgrunn og utvikling og analysere dei pedagogiske konsekvensane dette kan ha for arbeidet i skulen
  • legge til rette for elevane si læring med utgangspunkt i kunnskap om individuelle føresetnader, elevrelasjonar, samhandling og gruppeprosessar
  • analysere elevane sine læringsstrategiar og læringsutbytte ved hjelp av ulike former for vurdering og trekke konsekvensar for arbeidet med læringa
  • gjennomføre læringsretta tilbakemelding
  • formulere seg fagleg om pedagogiske tema - både munnleg og skriftleg
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for korleis pedagogisk arbeid kan føre fram til ei tilpassa opplæring i eit inkluderande læringsmiljø
  • har forståing for dei samansette krav som vert stilt til lærarprofesjonen 
  • kan på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i dialog med elevane og deira føresette om elevane si faglege, personlege og sosiale læring og utvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid individuelt og i grupper.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Dette er arbeidskrava:

  • Eit transkribert intervju
  • Ei individuell skriftleg oppgåve basert på intervju om tilpassa opplæring, på inntil 2000 ord
  • Ei munnleg framføring med deltaking i seminar
  • Ein individuell skriftleg teoretisk refleksjonstekst på inntil 1000 ord
  • Ei gruppebasert skriftleg oppgåve knytt til temaet Den fleirkulturelle skulen, på inntil 3000 ord

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med kapittel 5 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Randi Myklebust
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter