Semestre

GL1-7PEL3 Pedagogikk og elevkunnskap 3

Emnekode: 
GL1-7PEL3
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

GL1-7PEL1 og GL1-7PEL2

Om emnet

Utvikling av læraren si profesjonelle rolle og identitet

Emnet bygger på dei to første emna i PEL-faget i grunnskulelærarutdanninga, og omhandlar skulens oppgåver og funksjon i eit historisk, filosofisk, samfunnsmessig og internasjonalt perspektiv. Dette inneber kunnskap om skulen som organisasjon, profesjonelt utviklingsarbeid og profesjonsetisk medvit.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om

  • skulen som kompleks organisasjon, om rammefaktorar og styringsstruktur
  • samarbeidet med kollegaer, elevar, føresette og samarbeidspartnarane utanfor skulen og kva betyding dette har for elevane si læring og utvikling
  • fellesskapet si betyding for elevane sine læringsprosessar
  • korleis konfliktar og mobbing kan førebyggast og handterast
  • sosialt, språkleg og kulturelt mangfold og korleis ein inkluderande skule kan legge til rette for elevar si læring og utvikling
  • overgangen mellom barnehage og skule og mellom barnesteg og ungdomssteg
  • sentrale fasar og strategiar i skulen si historiske utvikling, mellom anna om erfaringar frå den samiske skulehistoria, og om skulen og utdanninga sitt mandat og funksjonar til ulike tider i Noreg
  • demokrati, danning og utvikling av identitet, og den betydinga dette har for skulen si verksemd i ei internasjonalisert verd
Ferdigheiter

Studenten kan

  • kritisk analysere samhandling i klasser og grupper av elevar og fatte slutningar som stimulerer elevar si læring
  • planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid i elevgrupper med ulik sosial, språkleg og kulturell bakgrunn
  • kan analysere og reflektere over skulefaglege spørsmål knytt til elevar med ulik sosial og fagleg utvikling
  • stimulere til forståing av demokrati og til demokratisk deltaking og treffe grunngjevne verdival
  • planlegge, gjennomføre og vurdere utviklingssamtalar
  • meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan forstå korleis profesjonsetiske val påverkar elevar sitt læringsarbeid og kan analysere og kommunisere om profesjonsetiske utfordringar både med heimen, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • kan fremme dialog og gjensidig respekt i læringsfellesskap prega av eit sosialt, språkleg og kulturelt mangfald
  • har innsikt i lærarrolla si utvikling og dei utfordringar læraren står ovanfor som oppsedar i eit pluralistisk og internasjonalisert samfunn
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid individuelt og i grupper.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.  Dette er arbeidskrava i emnet:

  • Individuell skriftleg oppgåve ut frå gitt problemstilling knytt til utfordringar i skulen som organisasjon, på inntil 1600 ord
  • Ein individuell munnleg presentasjon med aktiv deltaking i seminar
  • Innlevering av tema for bacheloroppgåva

Det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.  

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Torbjørg Bakke
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning for 1-7 årssteg
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Anne Øie