Semestre
GL1-7PEL3 Pedagogikk og elevkunnskap 3
GL1-7PEL1 og GL1-7PEL2
Emnet bygger på dei to første emna i PEL-faget i grunnskulelærarutdanninga, og omhandlar skulens oppgåver og funksjon i eit historisk, filosofisk, samfunnsmessig og internasjonalt perspektiv. Dette inneber kunnskap om skulen som organisasjon, profesjonelt utviklingsarbeid og profesjonsetisk medvit.
-
Studenten skal ha kunnskap om
- skulen som kompleks organisasjon, om skulens rammefaktorar og styringsstruktur
- samarbeidet med kommande kollegaer i skulen, elever, føresette og skulen sine ytre samarbeidspartnarar utanfor skulen og kva betyding dette har for elevane si læring og utvikling
- fellesskapet si betyding for elevane sine læringsprosessar
- korleis konfliktar og mobbing kan førebyggast og handterast
- sosialt, språkleg og kulturelt mangfald for å støtte elevar si læring i ein inkluderande skule
- overgangen mellom barnehage og skule og mellom barnesteg ungdomssteg
- korleis skulen kan nyttiggjere seg lokalt arbeids-, kultur- og samfunnsliv i elevane sine læreprosessar
- sentrale fasar og strategiar i skulen si historiske utvikling, og om skulen og utdanninga sitt mandat og funksjonar til ulike tider i Noreg
- demokrati, danning og utvikling av identitet, og den betydinga dette har for skulen si verksemd i ei internasjonalisert verd
tudenten kan
- kritisk analysere samhandlingar i klasser og grupper av elevar og fatte slutningar som stimulerer elevar si læring
- kan analysere og vurdere over skulefaglege spørsmål knytt til elevar med ulik sosial og faglig utvikling
- stimulere til forståing av demokrati og til demokratisk deltaking og treffe grunngjevne verdival
- planlegge, gjennomføre og vurdere utviklingssamtalar
- nyttiggjere seg lokalt arbeids-, kultur- og samfunnsliv i elevane sine læringsprosessar
Studenten
- kan aktivt førehalde seg til korleis profesjonelle verdival påverkar elevar sitt læringsarbeid og kan analysere og kommunisere om profesjonsetiske utfordringar både med heimen, kollegar og andre samarbeidspartnarar
- kan fremme dialog, gjensidig toleranse og respekt i læringsfellesskap prega av eit språkleg og kulturelt mangfald
- har innsikt i lærarrolla si utvikling og dei utfordringar læraren står ovanfor som oppseder i eit pluralistisk og internasjonalisert samfunn
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Individuell skriftleg oppgåve ut frå gitt problemstilling knytt til utfordringar i skulen som organisasjon, på inntil 2500 ord
- Ein individuell munnleg presentasjon
- Innlevering av tema for bacheloroppgåva
- Deltaking i seminar
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |