Semestre

GL1-7PEL4-D Pedagogikk og elevkunnskap 4 - Deltid

Emnekode: 
GL1-7PEL4-D
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

GL1-7PEL3

Om emnet

Faget ”Pedagogikk og elevkunnskap” vert avslutta med eit sjølvstendig individuelt og empirisk retta forskningsarbeid, bacheloroppgåva. Den skal ta for seg ei problemstilling som er sentral i læraryrket. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studentane få erfaring med sjølvstendig kritisk refleksjon og argumentasjon. Oppgåva skal skrivast i samsvar med allmenne reglar og retningslinjer for vitskaplege arbeid i pedagogikk. Eit viktig grunnlag for dette arbeidet er innføringa i sentrale område innan vitskapsteori og forskingsmetode som er ein del av emnet. Tematisk skal bacheloroppgåva relaterast til eit eller fleire av faga studentane har hatt dei tre første åra i grunnskulelærarutdanning og/eller til erfaringar frå praksisopplæringa.Studentane vil få rettleiing i oppgåvearbeidet. Bacheloroppgåva er ein del av studiet i faget Pedagogikk og elevkunnskap. Der val av tema og problemstilling gjer det aktuelt, vil faglærarar frå andre fag ta del i rettleiing og vurdering.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskapar om

  • kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske spørsmålsstillingar i profesjonsretta utdanningsforsking
  • innsikt i sentrale spørsmål knytt til forskingsmetodar med relevans for studiar i og omkring skulen
  • kunnskap om sentrale praktiske, faglige og pedagogiske utfordringar i grunnskulen si verksemd som er utvikla gjennom bacheloroppgåva
  • inngåande kunnskap om det emnet den einskilde har fordjupa seg i gjennom bacheloroppgåva
Ferdigheiter

Studenten skal

  • kritisk kunne analysere relevant forsking om læringsarbeid og kva betyding denne kan ha for undervisninga og for alle elevar si læring
  • ha tileigna seg dugleik i akademisk skriving
  • kunne planlegge og delta i utviklings- og endringsprosessar i skulen, og kan kritisk vurdere desse i etterkant
  • kunne anvende vitskapsteoretisk og metodisk kunnskap i utforming av eigen bacheloroppgåve
  • meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kan vise eit faglig engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring, og på eit forskingsmessig grunnlag kunne analysere og formidle eit samansett profesjonsretta fagstoff på ein overtydande måte
  • kunne argumentere for ulike utviklingsoppgåver knytte til skulefaglege spørsmål
  • sjølvstendig kunne forholde seg til forskingsetiske problemstillingar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I løpet av haustsemesteret i 3. studieåret vel studentane førebels tema for bacheloroppgåva. Det kan verte aktuelt å legge føringar på valet av tema ut frå omsynet til tilgang på rettleiarar og kva som er fagleg relevant. Undervisninga i emnet tek til med eit obligatorisk kurs over fem dagar i vitskapsteori og metode. Som ein del av dette kurset vil studentane bli orienterte om rammene for arbeidet med bacheloroppgåva. Tidleg i vårsemesteret skal studentane velje problemstilling for oppgåvearbeidet og levere inn ein forskingsplan til godkjenning. Det er obligatorisk rettleiing både på utviklinga av problemstilling, forskingsplan og bacheloroppgåva. Det vert eit par samlingar i løpet av semesteret i tillegg til femdagarskurset i vitskapsteori og metode. Det blir såleis sett av noko samanhengande og undervisningsfri tid til arbeidet med oppgåva i vårsemesteret. Bacheloroppgåva skal innleverast ved slutten av vårsemesteret 3. studieåret. Bacheloroppgåva skal vere på om lag 10 000 ord.Undervisingsformene på emnet vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, individuell og gruppevis rettleiing og individuelt arbeid.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6. 

Arbeidskrav:

  • Kurs i vitskapsteori og metode
  • Forskingsplan: Tidleg i vårsemesteret skal studentane levere inn ein forskingsplan til godkjenning. Forskingsplanen skal innehalde utgreiing om og grunngjeving av val av tema og problemstilling, fagleg basis for arbeidet,problemstilling,  forskingsmetodisk tilnærming og ein tidsplan for arbeidet. 
  • Abstrakt til bachelorkonferansen.
  • Framlegg og deltaking på bachelorkonferansen: Om lag halvvegs i semesteret skal alle studentane presentere arbeidet dei har gjort til då med bacheloroppgåva på ein konferanse. Det skal leggast særleg vekt på dei vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske aspekta ved arbeidet i presentasjonen.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Siv Therese Måseidvåg Gamlem
Gunhild Nordvik Reite
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning 1.-7. årssteg, deltid 2014-2019
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Oppgåva skal leverast som PDF-fil i Inspera.
Omlag 10000 ord.