Semestre

GL1-7PRA2 Praksis 2, 30 dagar

Emnekode: 
GL1-7PRA2
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

GL1-7PRA1

Om emnet

Planen for praksisopplæringa er tematisk samordna med planen for pedagogikk og elevkunnskap (PEL), og planane for dei andre faga. Planen for 2. året i utdanninga byggjer på praksisplan for fyrste året, og i vurdering av praksis vil også målsetjingar frå fyrste studieår vere med.

Læringsutbytte

Gjennomgåande for alle praksisperiodar skal studenten:

  • utvikle yrkesetisk kompetanse
  • utvikle relasjonell kompetanse
  • utvikle leiingskompetanse
  • utvikle fagdidaktisk kompetanse
  • utvikle fagkompetanse
  • utvikle endring og utviklingskompetanse
  • vise engasjement, entusiasme og evne til samarbeid

Hovudtemaet for praksisopplæringa i andre studieår er eleven i 1. – 7. trinn, elevmangfaldet og eleven sitt møte med skule og fag. Dette handlar om:

  • Eleven si faglege, sosiale, kulturelle og personlege læring og utvikling på 1. – 7.trinn
  • Inkluderande læringsfellesskap
  • Variert og tilpassa opplæring, ulike arbeidsmåtar
  • Lærararbeid og læringsleiing i fleirkulturelle klasserom og i møte med elever med særskilde behov
  • Klasseromskunnskap/kunnskap om ulike læringsarenaar

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne;

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om eleven si utvikling og eleven sin bakgrunn som utgangspunkt for læring
  • har kunnskap om elevvariasjonar og tilpassa opplæring
  • har kunnskap om kulturelt mangfald og fleirspråk
  • har kunnskap om kommunikasjon, samhandling og gruppeprosessar
Ferdigheiter

Studenten

  • kan utvikle mål for opplæringa i ulike fag og vurdere elevane si måloppnåing
  • kan møte mangfald og elevvariasjon gjennom differensiert opplæring
  • kan saman med andre planlegge, gjennomføre og vurdere begynnaropplæring
  • kan sjølvstendig og saman med andre planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i eit fleirkulturelt læringsfellesskap
  • kan vere ein tydeleg leiar og leie læringsarbeid ved å differensiere og variere arbeidsmåtar etter gruppestorleik og undervisninga sitt føremål
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt om rolla grunnleggande ferdigheiter speler for elevane si læring av fag og forståing av fagkunnskap
  • har utvikla bevisstheit rundt eiga kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • har innsikt i eiga utvikling som lærer
  • kan vurdere eiga lærarkompetanse og eige læringsbehov
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar. Praksisgruppa vil vere på ein praksisskule gjennom heile studieåret. Praksisen vil vere delt i to ulike periodar, ei på hausten og ei på våren, kvar på 15 dagar. I forkant og i etterkant av praksisperiodane vil det verte sett av tid til førebuing og etterarbeid. Målsetjinga med desse dagane er å knytte undervisninga i dei ulike faga på høgskulen sterkare i samanheng med det studentane møter i praksis. I andre studieår vil ein arbeide vidare med lærarolla, som var hovudtema fyrste studieår, men ein vil gå meir i djupna på eleven, elevmangfaldet og eleven sitt møte med skule og fag.Praksislærar skal framstå som tydleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal også vise studentane korleis ho/han gjennomfører undervisningsøkter.

Gjennom denne vekslinga i ulike måtar å organisere rettleiinga på, får studentane spegla seg sjølv gjennom andre, og reflektert saman med andre om korleis deira lærarolle verkar på elevane og elevane si læring. Studentar skal også i grupper og individuelt få ansvar for undervisningsøkter. I fag studentar har, bør dei ha ansvar for heile økter åleine.I økter studenten ikkje har hovudansvar for, skal studenten gjennom observasjon og rettleiing av elevar prøve å setje seg inn i kva eleven si oppleving og utbytte av undervisninga er, i tillegg til å observere og rettleie medstudentar som underviser. I enkelte økter bør studenten også gjennomføre samtale med enkelt elevar der ein prøver å få enno betre innsikt i elevane sine erfaringar og læring. Det er viktig at studentar som observerer undervisinga til ein medstudent er aktive i rettleiingssamtalen i etterkant.Studentar øver seg på å oppnå kontakt med, og bygge relasjonar til einskildelevar, til dømes i friminutt og i andre aktivitetar der dette er naturleg.

Etterarbeid etter praksis:Dei ulike faga brukar erfaringar studentar og faglærarar har frå perioden inn mot si undervisning. Studenten skal reflektere over eigne sterke og svake sider – og utfordringar i høve undervisning. Dette skal gjerast inn mot alle fag studenten har.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav 1:
I løpet av praksisperioden skal kvar student planlegge, gjennomføre og evaluere fleire mindre undervisningsopplegg der begynnaropplæring i lesing, skriving eller rekning er tema. Etter praksis tek studentane del i eit seminar med erfaringsutveksling knytt til undervisingsopplegga. Kvar basisgruppe førebur eit innlegg på om lag 15 minutt. Innlegget skal presenterast for andre studentar, praksislærarar og faglærarar.

Arbeidskrav 2:
I etterkant av andre praksisperiode skal studentane, med utgangspunkt i erfaringar frå praksis, legge fram ein presentasjon knytt til tema tilpassa opplæring (med tidsramme på om lag 15 minutt), der studentane deler sine undervisningserfaringar. Arbeidet skal skje i basisgruppe. Innlegget skal presenterast for andre studentar, praksislærarar og faglærarar.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Oddvar Aalde
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
Stått eller ikkje stått
Praksislærar skal gje kvar student munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisbolken. Etter om lag 15 dagar i praksis, skal kvar student ha skriftleg midtvegsvurdering.

Etter siste praksisperiode skal student ha sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og skal vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Basisgrupperettleiar til studenten skal trekkast inn i vurderinga.

Arbeidskrava skal vere gjennomført og bestått.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i rettleidd praksis:
Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode på 10 dagar i løpet av studieåret etter avtale med praksisansvarleg. I desse 10 dagane får studenten særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må han/ho avbryte studiet.